Hopp til hovedinnald

Beatriz Friscione er seniorrådgjevar i Skyss. Her behandlar ho søknader om skuleskyss, svarar på førespurnadar dei får frå skular og tilsette, i tillegg til at ho arbeider med interne forbetringsoppgåver.

Visste du at Skyss i 2022 innvilga skuleskyss til 26 000 elevar på rett under 450 skular i Vestland? Beatriz og kollegaene hennar har, med andre ord, ein jobb som speler ei stor rolle for kvardagen til mange unge.

Samarbeid og koordinering er nøkkelfaktorar

For skuleskyss er det særleg viktig å få til eit godt samarbeid med skular, kommunar og operatørane, i tillegg til dei fleste grupper internt i Skyss. Dei som jobbar med skuleskyss bruker mykje tid på å planlegge og å legge til rette for skuleskyssen, for å sørge for at alle får det tilbodet dei har rett på. Det krevst også koordinering med kommunane, der det er faste kontaktpersonar som også hjelper til med avklaringar og kommunikasjonen med skolane.

–  Etter at eg begynte i Skyss i 2017, har eg vore med på å bygge opp eit system som sørger for eit godt samarbeid mellom kontaktpersonane i kommunane og Skyss. Dette har gjort ein del prosessar enklare, fordi no har vi færre personar å forhalde oss til. I tillegg til dette har vi årlege møter med skolane for å sørge for at dei har god informasjon om reglement, og at dei får opplæring i korleis dei skal søke for elevane.

Med sans for system og planlegging

Beatriz kjem frå Mexico og utdanna seg innanfor det som blei kalla «Industrial and systems engineering». Etter nokre år med ansvar for forbetringsprosjekt og innkjøpsplanlegging bar turen vidare til Australia for å ta ein master i forretningsinnovasjon. Her blei ho sjarmert av ein kjekk nordmann, som ho etter kvart gifta seg med.

– Då eg kom til Norge i 2005, blei det først eit år med norskkurs, før eg byrja å arbeide igjen med administrering av innkjøp. Planlegging har nok vore den raude tråden i karrieren min, utanom nokre få år då eg underviste i spansk på Folkeuniversitetet. Til slutt hamna eg i Skyss, og er kunne ikkje vert meir fornøgd.

Eit arbeidsmiljø utanom det vanlege

Når Beatriz fortel kva ho likar best med å jobbe i Skyss, er det klar tale.

– Veit du kva? Miljøet! Utan tvil. Eg hadde det utruleg fint hos min førre arbeidsgjevar, og eg trudde ikkje eg kunne få det så fint igjen nokon plass. Men miljøet her i Skyss er heilt fantastisk. Samstundes er det også kjekt at jobben er spennande og variert, og at oppgåvene mine gir meg mykje fleksibilitet. At eg ofte får samarbeide med andre faggrupper i Skyss er ekstra motiverande.

Beatriz trekk òg fram interessa for å jobbe med heilskaplege prosessar. I skuleskyss jobbar ho både med dei overordna linjene, og ned i det operative med søkarane.

– Det å kunne hjelpe folk med konkrete utfordringar gir ei utruleg god kjensle. Interessa mi for denne typen arbeid har komme over tid, og eg er veldig heldig som har hamna her eg er no.

Om du vil lese meir om skuleskyss, kan du gjere det her.

Publisert:

Oppdatert: