Hopp til hovedinnald

Oppdraget med å planlegge og utvikle det offentlege tilbodet for mobilitet i Vestland fylke gir Skyss eit breitt spekter av oppgåver. Derfor møtest menneske med ulik kompetanse og utdanning i Skyss.

Her er nokre døme på kompetansen vi har i Skyss:

  • Arbeidet med å planlegge og utvikle tilbodet med buss, bybane, ferjer og hurtigbåtar i heile Vestland vert gjort av tilsette med bakgrunn frå mellom anna logistikk, geografi, administrasjon og ikkje minst, praktisk erfaring frå transportkvardagen. 

  • Skyss lyser ut offentlege anbodskonkurransar for å finne selskap som skal køyre bussar, ferjer og hurtigbåtar for oss, og vi har tett kontakt med leverandørane gjennom heile kontraktsperioden for å sikre eit godt tilbod. Vi har juristar og tilsette med kompetanse innan kontraktsadministrasjon og logistikk.

  • Vi krev og legg til rette for miljøvennlege transportmiddel og nullutsleppsløysingar i kontraktane, og her har vi særskilt nytte av tilsette med spisskompetanse på klima- og miljøvitskap og transportteknologi.

  • Vi skal utvikle tilbodet for framtida og treng framoverlente teknologiske løysingar, der innovasjonsleiing, informatikk og systemarkitektur står sentralt. Vi treng gode data og statistikk til å overvake og forbetre tilbodet, og vedlikehald av tekniske løysingar. Våre tilsette har brei kompetanse innan mellom anna marknadsanalyse, statistikk, informasjonsvitskap, systemarkitektur, informatikk og automatisering.

  • Skyss har eit budsjett på kring 4,3 milliardar kroner i året. Dette krev ei høgkompetent økonomiavdeling med mellom anna siviløkonomar og samfunnsøkonomar. 

  • I Skyss ønsker vi å sikre at kundane finn fram til tilbodet vårt, at dei betalar for reisa og at fleire vel å reise kollektivt. Derfor har vi tilsette med kompetanse innanfor kundeinformasjon, kundeservice og sal, og marknadsførarar og tilsette med kommunikasjonsutdanning.

Her kan du sjå organisasjonskartet vårt.