Korleis bli bussjåfør?
Om du er ung og skal ta di første utdanning eller vil skifte yrke i vaksen alder, er bussjåfør eit godt og sikkert yrkesval. Les meir hos NHO Transport.
Vil du ta ein meiningsfull U-sving i arbeidslivet? Vi treng fleire bussjåførar. Trygg lønn, gode pensjonsavtalar og den finaste panoramautsikta i Vestland ventar på deg. Søk i dag!
Vil du vite meir om ledige stillingar som bussjåfør? Det er ulike busselskap som køyrer rutene i Vestland fylke. Busselskapa konkurrerer om kontraktar for køyring. Busselskapa eig bussane, har arbeidsgjevaransvaret for sjåførane og set saman køyreplanar og skift.
Her finn du meir informasjon om korleis du kan få jobb på den vakraste arbeidsplassen i Vestland!
Firda Billag Buss AS køyrer buss i Sunnfjord og Nordfjord.
Kontakt Firda Billag Buss AS
Modalen–Eksingedalen Billag AS køyrer i området Modalen/Vaksdal.
Kontakt Modalen–Eksingedalen Billag AS
Tide Buss AS køyrer buss i områda:
Tide Buss og Bane AS køyrer buss i Bergen.
Tide Buss og Bane AS
Vy Buss AS køyrer buss i Nordhordland.
Kontakt Vy Buss AS
Om du er ung og skal ta di første utdanning eller vil skifte yrke i vaksen alder, er bussjåfør eit godt og sikkert yrkesval. Les meir hos NHO Transport.