Slik informerer vi om forseinkingar og endringar
Når det skjer noko som påverkar reisa di kan du forvente å finne oppdatert informasjon frå oss fleire stader.
Mindre forseinkingar som oppstår i busstrafikken informerer vi om gjennom sanntidsprognosar på ulike flatar. Dersom bussen er seint ute vil avgangstida endre seg i tråd med forventa avgangstid. Ved større hendingar i trafikken og endringar i tilbodet finn du også meldingar i reiseplanleggaren og i lista på sida skyss.no/avvik, samt i appen Skyss Reise. Vi informerer også på haldeplassar der vi har skilt og skjermar ved større avvik. Det same gjeld løysinga avgangsvisning.skyss.no.
Slik fungerer meldingar om trafikale avvik på dei ulike flatene våre:
Skyss.no/avvik
Lista over hendingar og endringar er sortert kronologisk, og siste hending finn du øvst på lista over «aktive avvik». I tillegg kan du scrolle lenger ned for å sjå nyleg utgåtte meldingar som ikkje gjeld lenger. Klikkar du på ei overskrift vil du finne utfyllande informasjon, ofte inkludert eit kart som forklarar endringa.
Reiseplanleggar
Reiseplanleggaren gir deg informasjon på fleire måtar dersom forseinkingar eller endringar påverkar reisa di.
I appen Skyss Reise er det fire ulike måtar å finne avgangstider på (favoritt, planleggar, haldeplass, linje). To av desse funksjonane finn du også igjen i reiseplanleggaren her på nettsida (planleggar og haldeplass).
I tillegg vil du i reiseplanleggaren kunne sjå forseinkingar gjennom sanntidsfunksjonen, og innstilte avgangar.
Haldeplassfunksjon
I haldeplassfunksjonen får du opp ein rutetabell. Dersom ein avgang er innstilt vil du sjå det slik i appen Skyss Reise og i reiseplanleggar her på nettsida.
Reiseplanleggaren:
Informasjon i reiseplanleggar
Klikkar du på den gule linja finn du utfyllande informasjon ved større avvik eller endringar. Slik er det både på nettsia og i appen.
Reiseplanleggaren:
Haldeplass:
Sanntidsinformasjon
Du finn meir informasjon om sanntidsprognoser her.