Hopp til hovedinnald

Meld deg på kundepanelet her

Er du arbeidspendlar, småbarnsfamilie eller student, reiser du svært mykje eller berre av og til? Uansett kven du er, har vi lyst til å ha deg med i vårt kundepanel!

Skyss har i samarbeid med marknadsanalysebyrået Opinion laga eit kundepanel, slik at du som brukar buss, ferje, hurtigbåt og bybane i Vestland fylke kan vere med å dele tankane og meiningane dine om tilbodet. Bli med i panelet og gi dine ærlege og konstruktive tilbakemeldingar. Og sidan det er Opinion som har dialogen med deg og dei andre i panelet, vil du være heilt anonym overfor Skyss. Skyss tek meiningane til dei reisande på alvor og ønsker å gjere reisekvardagen så god som mogleg.

Kva kan eg vere med på i kundepanelet?

Som deltakar i kundepanelet vil du få moglegheit til å teste nye løysingar, svare på undersøkingar, melde deg på til digitale intervju og agentoppdrag der du får reise ut og teste ulike løysingar, og du får dele dine meiningar i diskusjonar og chat-samtalar.

Du vel sjølv kor aktiv du vil vere, og bruker så mykje tid du sjølv vil i panelet. Du vil få melding på e-post når det kjem nye aktivitetar du enten kan delta på eller melde di interesse for.

Premiering

Når du deltek i kundepanelet, kan du vinne premiar. Kvar gong du får ein e-post med invitasjon til ein ny aktivitet, står informasjon om premietrekning på invitasjonen. Av og til er det tilfeldige trekningar, andre gongar er det premie til alle som får plass på ein bestemt aktivitet.

Ein av premiane som alltid fell i smak, er universalgåvekort. Då kan du bestemme heilt sjølv kva og kor du ønsker å bruke gåvekortet!

Kven er Opinion?

Opinion er eit marknadsanalysebyrå som mellom anna hjelper merkevarer og aktørar i Noreg med å forstå kundane og brukarane sine. Ved å lytte til mellom anna deg, vil ein kunne utvikle og forbetre dei tenestene og produkta du brukar. I tillegg har Opinion spisskompetanse på digitale panel/kundepanel. Opinion er norskeigd, og har 55 tilsette som dagleg jobbar med å forstå det norske folket.

Les meir om Skyss sine personvernreglar her

Takk for at du hjelper oss å bli betre!

Fann du det du leita etter?

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.