Hjelp til bruk
Kulturbilletten frå Skyss er eit nettbasert system for kommunar. Via dette systemet kan skolane bestille kollektivreiser for kulturføremål.
Retningslinjer
Kvar kommune inngår ein avtale om bruk av Kulturbilletten. Slike billettar skal berre brukast til kulturføremål. Billettane må bestillast for kvar reise: éin tur- og éin returbillett. Ein kan avbestille billettar fram til dagen før reisedagen.
Kvar billett gjeld for opp til 35 personar: 33 elevar og to lærarar. Gruppa er ikkje garantert plass på noko transportmiddel. Dersom det er fullt på den bestilte avgangen, må heile eller delar av gruppa vente på neste avgang.
Gruppa skal vise billetten til sjåføren, og må oppbevare den under heile reisa slik at den kan visast fram i tilfelle billettkontroll.
For Bergen kommune:
Billettane kan berre brukast utanom rushtida måndag til fredag. Difor er det berre mogleg å reise i tidsrommet 09.00–13.30 (fram til klokka 13.50 for Bybanen).
Slik bestiller du Kulturbilletten:
BESTILL REISE
Fyll ut alle felta som er merkte med *.
Vel linje, start- og stoppestad og klokkeslett for avgangen.
Datoformat: åå.mm.dd.
Klokkeslett: klikk på pila for å få opp ei liste over tidspunkt. Merk deg at alle avgangane blir viste, men du kan berre velje dei som ligg innanfor det tidsrommet som er avtalt for kommunen din.
Klikk på BESTILL-knappen nedst på sida.
Billetten blir vist som pdf på slutten av bestillinga, og den blir send til e-postadressa du fyller ut i bestillingsskjemaet. Dersom du legg inn meir enn éi e-postadresse, må du skilje dei med komma (,).
Hugs å bestille returbillett.
MINE REISER
Her kan du sjå reisene som skolen har bestilt. Du kan òg sende billetten til e-post på nytt herifrå.
Bestilte reiser kan kansellerast fram til dagen før reisedagen. Du kan òg sende billetten på nytt til ei e-postadresse før reisa er gjennomført.
BRUKARSTØTTE
Bergen kommune:
Ta kontakt med Bergen kommune dersom de har ikkje får tilgang, har spørsmål om avtalen eller treng hjelp med den daglege bruken av systemet.
Feil med systemet skal meldast til Skyss på kontaktskjemaet.
Publisert:
Oppdatert: