Personvernerklæring
Her er personvernerklæring for kundeflatene og løysingane til Skyss.
1. Vårt ansvar
Vestland fylkeskommune ved Skyss behandlar personopplysingar om deg dersom du bruker ei av våre tenester, interagerer med oss på sosiale medium eller kontaktar oss direkte. Vi kan òg behandle personopplysingar om deg dersom du opptrer som representant for ein av våre forretningsforbindelsar.
Vestland fylkeskommune ved Skyss er behandlingsansvarleg i situasjonane som er beskrivne i denne personvernerklæringa. Skyss er derfor ansvarleg for at personopplysingane dine blir behandla i tråd med personvernregelverket og at du kan handheve dine rettar.
Med personopplysingar meinast kvar og ei form for informasjon om fysiske personar - heretter omtala som dei registrerte. Dette inkluderer blant anna namn, e-postadresse, telefonnummer og vurderingar som kan knytast til fysiske personar.
Nedanfor finn du generell informasjon om korleis vi samlar inn og behandlar personopplysingar, kvifor vi gjer dette og rettane du har i den samanheng.
2. Behandlingsgrunnlag og formål
Skyss kan berre behandle personopplysingane dine når vi har rettsleg grunnlag til det. Kva rettslege grunnlag som er relevant varierer avhengig av kva formålet med den aktuelle behandlinga er. Skyss vil aldri vidarebehandle personopplysingane dine på ein måte som ikkje samsvarar med formålet som opphavleg grunngav innsamlinga.
Skyss vil berre samle inn personopplysingar frå andre enn deg, dersom skolen eller kommunen din har søkt om skoleskyss på dine vegne eller du sjølv har søkt om refusjon. Ved søknad om skoleskyss mottek Skyss personopplysingane som inngår i søknaden, og ved refusjon vil personnummeret ditt bli innhenta frå offentlege kjelder. Du finn meir informasjon om dette nedanfor.
3. Behandlingsaktivitetar
3.1. Skyss Billett-app
3.1.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Formålet med å behandle personopplysingane dine i applikasjonen Skyss Billett er å tilby ein enkel og sikker måte å kjøpe billettprodukt på, skape dei rette tilhøva for effektiv kundeoppfølging og sikre at kontrollørane våre kan verifisere at billetten din er gyldig.
Då du lasta ned og tok i bruk applikasjonen Skyss Billett aksepterte du brukervilkåra våre, som er tilgjengeleg i applikasjonen Skyss Billett. For at vi skal kunne oppfylle denne avtalen må vi behandle personopplysingane dine. Behandlinga av personopplysingane dine skjer derfor med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Merk at det er frivillig å ta i bruk applikasjonen Skyss Billett og vi tilbyr anonyme billettalternativ ved behov, som billettar og Skysskort kjøpt på Skyss Kundesenter eller billettar kjøpt med kontantar om bord.
3.1.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
For å bruke applikasjonen Skyss Billett må du opprette ein brukarprofil og angi mobilnummeret ditt. Første gongen du loggar inn på ei ny eining vil du motta ein eingongskode på SMS. Det er nødvendig for at Skyss skal kunne tilby tenesta med sikker innlogging og at du skal ha tilgang til aktive periodebillettar og kvitteringar dersom du mistar mobilen din. Skyss vil òg behandle informasjon om deg som er nødvendig for at løysinga skal fungere på eininga di og at vi skal kunne rekne ut korrekt pris for reisebeviset ditt. Det kan innebere at Skyss behandlar informasjon om eininga di og anna informasjon som er nødvendig for å løyse problem dersom det skulle oppstå ein feil.
Dersom du betaler for reisebevis ved bruk av betalingsløysninga for mobilkonto, vil vi òg behandle telefonnummer, reisehistorikk, kjøpshistorikk, om du er ein underbrukar av foreldra dine eller føresette, belastning mot mobilkonto og saldo på mobilkontoen din.
Dersom arbeidsgivaren din har oppgitt at du kan betale gjennom bedriftsportalen, ved at fakturaer for reisebevisa dine vert sendt til arbeidsgivaren din, vil vi òg behandle informasjon om arbeidsforholdet ditt. I slike tilfelle vil vi òg behandle kontaktopplysingane til kontaktpersonen hos bedrifta, saman med informasjonen som er nødvendig for å sende faktura i samsvar til avtalen som er inngått.
Ved å akseptere at applikasjonen Skyss Billett får tilgang til telefonen sin GPS blir posisjonsdata brukt lokalt på telefonen. Skyss vil berre behandle informasjon om avreisestad/-sone og stoppestad/-sone i den grad det er nødvendig for å dokumentere eit kjøp og rekne ut rett pris.
Bruk av Skyss Billett inneber òg at Skyss samlar inn IP-adressa di, tidspunktet for førespurnaden, kva plattform du bruker, versjonsnummer og valt språk. Desse opplysingane er nødvendige for at løysinga skal kunne fungere på eininga du bruker og blir loggført for å sikre at appen fungerer slik den skal. Samtidig gir opplysingane oss informasjonen vi treng for å løyse eventuelle feil som måtte oppstå.
3.1.3. Lagring og sletting
Alle personopplysingar blir lagra på serverar i Noreg som blir drifta av personell i Noreg.
Nokre av Skyss sine underleverandørar bruker underleverandørar i USA. Det betyr at personopplysingane dine kan bli overførte dit. I slike tilfelle har vi forsikra oss om at underleverandørane er pålagde dei same forpliktingane som innafor EU/EØS, enten fordi underleverandørane er registrert på lista over godkjente selskap under det europeisk-amerikanske avtaleverket “Data Privacy Framework” eller at overføringa skjer med heimel i EU-kommisjonen sine standard personvernbestemmingar.
Profilinformasjonen din blir oppbevart så lenge du har eit aktivt avtaleforhold med oss og du kan når som helst be om at brukarkontoen din blir sletta frå applikasjonen. Du vil då måtte registrere deg på nytt dersom du ønsker å bruke applikasjonen ved eit seinare tilfelle. Mobilnummeret ditt blir verifisert første gongen du loggar inn på ei ny eining. Dersom du har lagt inn andre personopplysingar i applikasjonen, kan du når som helst redigere dei under «Innstillinger».
Salsdokumentasjon blir oppbevart i fem år etter slutten på rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrift. Kvitteringane for dine kjøp dei siste 20 månadene er tilgjengeleg i applikasjonen Skyss billett og webportalen for SMS-billett. Etter 20 månader blir salsdokumentasjonen arkivert og anonymisert.
Applikasjonsloggen blir oppbevart lenge nok til å sikre at tenesta fungerer slik den skal og at du får den servicen du har krav på. I samband med klagesaker kan oppbevaringstida forlengast til saka er behandla.
3.2. Reiseplanleggar
3.2.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Reiseplanleggaren vår er tilgjengeleg i applikasjonen Skyss Reise og på nett.
Vi behandlar personopplysingar i applikasjonen Skyss Reiser for å tilby deg ein enkel måte å planlegge reisene dine på, svare på førespurnadar og gjennomføre feilsøking. Denne behandlinga gjer vi for å innfri avtalen du inngjekk med oss då du lasta ned applikasjonen og godtok avtalevilkåra. Behandlinga skjer derfor med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Dersom du samtykker til det, samlar vi òg inn rørsledata og rørslemønstera inne i Skyss Reise-applikasjonen. Personopplysingane blir anonymisert umiddelbart etter innsamling og all analyse skjer på aggregert nivå. Det betyr at vi ikkje kan identifisere deg når informasjonen analyserast. Formålet med behandlinga er å forstå reisevanane til kundane våre slik at vi kan utvikle kollektivtilbodet vårt. Denne behandlinga skjer med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a).
Skyss behandlar òg personopplysingar om deg dersom du svarar på kundeundersøkingar eller deltek i ein av våre konkurransar. Det er alltid frivillig å delta og Skyss vil berre behandle personopplysingane dine dersom du samtykker til det. Behandlinga skjer derfor med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a).
Dersom du bruker reiseplanleggaren på nett og du har samtykka til det, vil vi behandle opplysingar om kor du oppheld deg for å tilby reiseforslag og vise relevante haldeplassar slik at du kan planlegge reisa di lettast mogleg. Vi vil òg kunne analysere informasjon om korleis du bruker reiseplanleggaren slik at vi kan vidareutvikle og forbetre denne. Behandlinga skjer derfor med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a).
3.2.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Personopplysingane vi behandlar om deg for å oppfylle avtalen du har inngått med oss er IP-adresse, informasjon om eininga di, applikasjonen du bruker og søkehistorikken din.
Personopplysingane vi behandlar om deg på grunnlag av samtykket ditt vil avhenge av kva samtykke du har gitt til oss. Dette kan innebere behandling av kontaktopplysingane dine, informasjon om kvar du har gått av og på våre kollektive reisetilbod, stoppestader du har markert som favoritt, rørslemønster inne i Skyss Reiser-applikasjonen og svar på våre spørjeundersøkingar.
3.2.3. Lagring og sletting
Personopplysingane vi behandlar om deg for å tilby reiseplanleggaren blir sletta automatisk etter 1 år og informasjon om deltaking i spørjeundersøkingar blir sletta etter 3 månadar. Dersom du har delteke i ein konkurranse som inneber trekking av premiar, lagrar vi personopplysingane dine til konkurransen er avslutta og vi har trekt ein vinnar. All analyse skjer på aggregerte data. Det betyr at analysen skjer på grunnlag av informasjon der det ikkje er mogleg å identifisere deg.
Opplysingar vi samlar inn gjennom reiseplanleggaren på nett, til dømes kva haldeplassar du har markert som favoritt, vert sletta dersom du trekker tilbake samtykket ditt. Vi gjer deg likevel merksam på at loggar og IP-adresse automatisk vert sletta etter 14 dagar.
3.3. Nettbutikk
3.3.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Når Skyss behandlar personopplysingar i nettbutikken på skyss.no, er det for å tilby deg som skal reise, ein enkel og sikker måte å kjøpe billettprodukt på, legge til rette for effektiv kundeoppfølging og sikre at kontrollørane våre kan verifisere at billetten din er gyldig. Behandlinga er derfor nødvendig for å oppfylle tenesteavtalen du inngår med Skyss når du tek i bruk nettbutikken på skyss.no og aksepterer avtalevilkåra, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Vi samlar òg inn informasjon om aktiviteten i nettbutikken for statistikk- og analyseformål. Denne informasjonen anonymiserast før vi bruker den til statistikk og analyse slik at det ikkje lenger er mogleg å identifisere deg. Denne behandlinga skjer med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f) ved at Skyss har ei rettkomen interesse i å forbetre nettsida slik at den blir lett å bruke.
3.3.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Når du bruker nettbutikken på skyss.no, behandlar vi kontaktopplysingane dine, opplysingar om skysskortet ditt, billettkjøp, reiseopplysingar og betalingsinformasjon.
Dersom arbeidsgivaren din har oppgitt at du kan betale gjennom bedriftsportalen, ved at fakturaer for reisebevisa dine vert sendt til arbeidsgivaren din, vil vi òg behandle informasjon om arbeidsforholdet ditt. I slike tilfelle vil vi òg behandle kontaktopplysingane til kontaktpersonen hos bedrifta saman med informasjonen som er nødvendig for å sende faktura i samråd til avtalen som er inngått.
Bruk av nettbutikken inneber òg at Skyss samlar inn IP-adressa di, tidspunktet for førespurnaden, kva nettlesar du bruker, versjonsnummer og valt språk. Desse opplysingane er nødvendige for at løysinga skal kunne fungere på eininga du bruker og blir loggført for å sikre at nettsida fungerer slik den skal. Desse opplysingane er også nødvendige for å løyse eventuelle feil som måtte oppstå.
3.3.3. Lagring og sletting
Alle data blir lagra på serverar i Noreg og blir drifta av personale i Noreg, med mindre du vel å logge inn ved bruk av våre tredjepartsløysingar. I slike tilfelle vil personopplysingane dine bli overførte til USA. Alle samarbeidspartnarane som tilbyr tredjepartsinnlogging og autentisering er godkjente under avtaleverket “Data Privacy Framework” som er inngått mellom EU og USA.
Profilinformasjonen din blir oppbevart så lenge du har eit aktivt avtaleforhold med Skyss. Du kan når som helst slette brukarkontoen din eller be om at vi slettar den for deg. Om du seinare skulle ønske å bruke nettbutikken, må du registrere deg på nytt. Dersom du har behov for å endre personleg informasjon om deg i nettbutikken, kan du når som helst redigere dette i profilen din.
All salsdokumentasjon blir oppbevart i fem år etter utgangen av rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrifter. Kvitteringane for kjøpa dine dei siste 20 månadene vil til ei kvar tid vere tilgjengeleg i appen Skyss Billett. Etter 20 månader blir salsdokumentasjonen arkivert og anonymisert.
Applikasjonsloggar blir oppbevarte i inntil 60 dagar for å sikre at tenesta fungerer slik ho skal og at du får servicen du har krav på. Applikasjonsloggane er berre tilgjengelege for autorisert personell. Lagringstida kan utvidast ved klagesaker som gjeld feil i tenesta. I slike tilfelle vil vi oppbevare opplysingane til klagesaka er ferdigbehandla.
3.4. Billettkjøp gjennom andre plattformer
3.4.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Skyss tilbyr òg kjøp av billett via SMS og på våre haldeplassautomatar. Formålet med behandlinga av personopplysingar på desse plattformene er å tilby deg som skal reise, ein enkel og sikker måte å kjøpe billettprodukt på, legge til rette for effektiv kundeservice og sikre at kontrollørane våre kan verifisere at billetten din er gyldig.
Sidan vi må behandle personopplysingane dine for å oppfylle tenesteavtalen som blir inngått mellom deg og Skyss når du kjøper billett og aksepterer avtalevilkåra, skjer behandlinga med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Det er frivillig å ta i bruk desse tenestene og vi tilbyr anonyme billettalternativ ved behov, som billettar og Skysskort kjøpt på Skyss Kundesenter eller billettar kjøpt med kontantar om bord.
3.4.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Om du har kjøpt SMS-billett samlar vi telefonnummer, reisehistorikk, kjøpshistorikk, om du er en underbrukar av foreldra dine eller føresette, belastning mot Strex og mobilkonto, i tillegg til saldo for mobilkonto dersom det er relevant. Du kan administrere mobilkontoen din på https://mobilbillett.skyss.no.
Om du har kjøpt billett med bankkort om bord på buss eller båt i Hordaland, eller på ein haldeplassautomat, samlar vi inn anonymisert kortinformasjon. Kjøpa dine blir kopla til bankkortet du bruker når du betaler billetten. Eit nummer blir lagra saman med kjøpet som unikt identifiserer kortet ditt. Dette blir gjort for at du skal kunne nytte bankkortet som reisebevis i ein kontrollsituasjon, og for at du skal kunne bruke bankkortet ditt til å hente ut kvitteringar og sjå billettane dine i etterkant av kjøpet. Det er berre betalingstenesta som har tilgang til dei fullstendige bankkortdetaljane dine. Skyss lagrar berre eit anonymisert kortnummer som inneheld dei første seks og dei siste fire tala i kortnummeret og utløpsdatoen for kortet. Denne informasjonen er tilgjengeleg i vår online kvitteringsløysning på https://billett.skyss.no/kvittering dersom du har behov for å dokumentere kjøpet ditt. Dette er ein føresetnad for at du som kunde skal kunne kjenne igjen kortet, for å generere dei nødvendige detaljane som må med på kvitteringa og for å effektivt kunne handtere ei eventuell klage eller refusjon.
Det er valfritt å registrere mobiltelefonnummer ved kjøp av Skyss-billett på haldeplassautomat. Skal du derimot reise vidare med tog, må du oppgi telefonnummer for å få ein SMS som du kan vise fram ved billettkontroll på toget. Vi samlar òg inn reiseinformasjon.
3.4.3. Lagring og sletting
Alle personopplysingar blir lagra på serverar i Noreg som blir drifta av personell i Noreg.
Salsdokumentasjon blir oppbevart i fem år etter slutten på rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrift. Kvitteringane for dine kjøp dei siste 20 månadane er tilgjengelege på https://billett.skyss.no/kvittering for kjøp på haldeplassautomatar og i webportalen for SMS-billett. Etter 20 månader blir salsdokumentasjonen arkivert og anonymisert.
3.5. Registrerte Skysskort
3.5.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Formålet med behandlinga er å tilby deg ein enkel og sikker måte å kjøpe billettprodukt på, sikre at du blir trekt for rett pris i høve til bruken, tilby ulike billettypar og kunne gi refusjon ved tap av Skysskort.
Denne behandlinga skjer på grunnlag av personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b) ved at behandlinga er nødvendig for å oppfylle tenesteavtalen som blir inngått mellom deg og Skyss når du bestiller eit registrert Skysskort og godtek avtalevilkåra.
Det er frivillig å bruke registrerte Skysskort. Om du ikkje vil at Skyss skal behandle personopplysingane dine, kan du i staden velje eit uregistrert (anonymt) Skysskort. Du kan legge inn dei same billettypane på eit uregistrert Skysskort og billettane kostar det same. Merk at det ikkje blir gitt refusjon ved tap av uregistrerte Skysskort.
3.5.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Når du bestiller eit registrert Skysskort, samlar vi inn namn, fødselsdato, adresse og e-postadresse. Vi lagrar òg billettypen og gyldigheitsperioden som ligg på kortet i tillegg til betalingshistorikken.
Vi vil òg lagre opplysingar om reisehistorikk som blir genererte når Skysskortet blir brukt. Lagring av reisehistorikk vil berre skje dersom du validerer kortet når du stig på og dette er frivillig. Reisehistorikken inneheld opplysingar om kva stoppestad du gjekk på bussen, Bybanen eller båten, dato og tidspunkt for påstiginga, kortnummeret, kva for ein billettype som vart brukt og prisen for kvar enkelt reise.
Skyss vil berre bruke reisehistorikken din saman med dei andre personopplysingane dine dersom du reklamerer på Skysskortet eller i samband med førespurnader frå deg. Skyss bruker ikkje reisehistorikken saman med andre personopplysingar for å produsere statistikk eller ved avrekning med samarbeidande selskap og normalt heller ikkje ved feilsøking.
3.5.3. Lagring og sletting
Personopplysingane blir lagra på serverar i Noreg som blir drifta av personell i Noreg.
Reisehistorikken din blir lagra i 104 dagar. Etter 104 dagar blir den anonymisert ved at koplinga mellom det registrerte Skysskortet og personopplysingane dine blir fjerna. Når du bestiller eit Skysskort blir det også generert eit elektronisk bestillingsskjema som vert lagra i 180 dagar. Annan salsdokumentasjon blir oppbevart i fem år etter slutten på rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrift.
Kontaktinformasjon, til dømes namn, fødselsdato, adresse og e-postadresse, blir lagra så lenge du bruker kortet ditt aktivt. Kontaktinformasjonen blir sletta når kortet ikkje har vore i bruk på tre år. Skysskortet vil då bli sperra og eventuell restverdi blir nullstilt.
3.6. Skoleskyss
3.6.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Formålet med behandling av personopplysingar i samband med skoleskyss er å tilby skoleskyss til dei som har krav på det etter opplæringslova kapittel 7. Det betyr at behandlinga skjer på grunnlag av personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e) og artikkel 9 nr. 2 bokstav g).
3.6.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
I samband med skoleskyss behandlar Skyss alle dei personopplysingane som blir samla inn av skolen eller kommunen din, medrekna kontaktinformasjon, reiseinformasjon og varigheita av søknaden din. Skyss behandlar òg informasjon om årsaka til at det vert søkt om skoleskyss, til dømes at du har brote foten.
Når gjennomføringa av skoleskyss krev det, vil Skyss òg behandle informasjon om hjelpemiddel, avlastning og refusjon for privat skoleskyss.
3.6.3. Lagring og sletting
Personopplysingane blir lagra på serverar i Noreg som blir drifta av personell i Noreg og Danmark.
Personopplysingar som blir behandla i samband med søknader om og gjennomføring av skoleskyss, blir lagra så lenge du har krav på skoleskyss og opp til to år etter at du ikkje har rett til skoleskyss lenger.
Personopplysingar som blir behandla i samband med refusjon for transportkostnader ved privat skyss, blir oppbevart i fem år etter slutten på rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrift.
Personopplysingar som blir behandla i samband med klager og avslag på søknader, blir lagra i samsvar med offentleglova og arkivlova.
3.7. Bestillingstransport
3.7.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Dersom du bruker tenesta bestillingstransport vil Skyss behandle personopplysingane om deg som er nødvendig for å innfri avtalen du har inngått med oss. Det betyr at behandlinga skjer med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Dersom du har gjennomført ei reise med bestillingstransport kan du òg bli kontakta for å evaluere reisa di. Dette gjer vi for å forbetre tenestene våre. Det betyr at behandlinga skjer med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f) om rettkomen interesse.
3.7.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Når du bruker tenesta bestillingstransport behandlar vi kontaktinformasjonen din, betalingsinformasjon og reiseinformasjon. Dette er nødvendig for at vi skal kunne tilby sikker og verifisert innlogging, for at vi skal kunne kontrollere at vi har henta rett person og for at du skal ha tilgang til aktive reiser og historikk dersom du mistar mobilen din.
Skyss vil òg behandle informasjon om deg som er nødvendig for at løysinga skal fungere på eininga di. Det kan innebere at Skyss behandlar informasjon om eininga di og informasjon som er nødvendig for å løyse problem dersom det skulle oppstå ein feil.
Dersom du har gitt oss ei tilbakemelding på reiseopplevinga di, vil vi behandle kontaktopplysingane dine saman med tilbakemeldinga og informasjon om reisa di.
3.7.3. Lagring og sletting
Personopplysingane som genererast ved bruk av tenesta Bestillingstransport blir lagra i 100 dagar på datasenter i Irland. Desse datasentera er drifta av ein av våre tredjepartsleverandørar som er underlagt kanadisk lovgiving. Vi gjer derfor merksam på at EU-kommisjonen har vurdert lovgivinga i desse landa og konkludert med at personvernlovgivinga gir eit tilstrekkeleg nivå av beskyttelse i samsvar med GDPR artikkel 45 nr. 1.
Profilinformasjonen din blir oppbevart så lenge du har eit aktivt kundeforhold med oss og du kan når som helst be om at brukarkontoen din blir sletta frå applikasjonen. Du vil då måtte registrere deg på nytt dersom du ønsker å bruke applikasjonen ved eit seinare tilfelle. Mobilnummeret ditt blir verifisert første gongen du loggar inn på ei ny eining. Dersom du har lagt inn andre personopplysingar i applikasjonen, kan du når som helst redigere dei under «Innstillinger».
Applikasjonsloggen blir oppbevart lenge nok til å sikre at tenesta fungerer slik ho skal og at du får god service. I samband med klagesaker kan oppbevaringstida forlengast fram til klaga er ferdig behandla.
Dersom du har evaluert reiseopplevinga di, vil vi behandle personopplysingane dine så lenge det er nødvendig for å vurdere evalueringa og innføre nødvendige tiltak der dette er aktuelt.
3.8. Kundeservice
3.8.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Formålet med behandling av personopplysingane dine i samband med Kundeservice er at Skyss skal kunne behandle kundeførespurnaden din. Det rettslege grunnlaget for behandlinga er avtalen med deg som kunde, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
3.8.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Dersom du tek kontakt med oss via kontaktskjema på Skyss.no, e-post, brev eller telefon kan følgande personopplysingar verte behandla om deg: kontaktinformasjon, kontonummer og anna informasjon du deler med oss i førespurnaden din. Det inneber òg at vi kan behandle ID-nummeret på Skysskortet ditt, reiseopplysingar og saksopplysingar når det er nødvendig.
Ved refusjon behandlar Skyss informasjon om reisa di, kva utlegg du har hatt, årsaka til at du søker om refusjon og betalingsinformasjonen din. I tillegg, er Skyss nøydd til å hente inn personnummeret ditt for å gjennomføre refusjonen.
3.8.3. Lagring og sletting
Personopplysingane vert behandla så lenge du har høve til å klage til Transportklagenemnda. Det betyr at personopplysingane dine vert lagra i Kundeservice sine system i 365 dagar etter siste aktivitet i saka. Etter 365 dagar vert førespurnaden din sletta eller anonymisert.
Informasjon knytt til refusjon blir oppbevart i fem år etter utgangen av rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrifter.
3.9. Billettkontroll
3.9.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Kundar som ikkje kan vise gyldig reisebevis skal betale tilleggsavgift, jf. Skyss sine transportvedtekter § 4 og yrkestransportlova § 33. Formålet med behandlinga er derfor å sikre at tilleggsavgiftene blir drivne inn og behandlinga skjer med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c).
3.9.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Om det blir oppdaga at du ikkje har gyldig reisebevis og tilleggsavgifta ikkje blir betalt på staden, vil Skyss behandle personopplysingane om deg som er nødvendig for å drive inn kravet, mellom anna kontaktinformasjonen din, staden og tidspunktet kontrollen vart utført og at du vart ilagt tilleggsavgift. For kontrollerte under 15 år som reiser utan gyldig reisebevis, vil vi òg behandle namna på føresette. Dersom du klagar på ei tilleggsavgift vil Skyss òg behandle personopplysingane som kjem fram i klaga.
3.9.3. Lagring og sletting
Alle data blir lagra på serverar i Noreg og Finland som blir drifta av personell i desse landa.
Personopplysingar som blir behandla i samband med utferding av faktura og innkrevjing av tilleggsavgift blir oppbevarte i tråd med bokføringslova § 13 og tilhøyrande forskrift. Personopplysingar vi behandlar i samband med klager på ilagt tilleggsavgift blir lagra i 365 dagar etter siste aktivitet i saka.
3.10. Sosiale medium
3.10.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Skyss bruker sosiale medium for å publisere relevant informasjon og marknadsføre våre tenester. Skyss er tilgjengeleg på:
- TikTok
- YouTube
All behandling av personopplysingar som skjer på sosiale medium skjer for at vi skal kunne publisere relevant informasjon og vere tilgjengeleg på flatene du er kjent med. Det betyr at behandlinga skjer med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
Skyss har felles behandlingsansvar med tilbydarane av dei sosiale media vi bruker. Skyss har ikkje moglegheit til å påverke korleis desse aktørane behandlar personopplysingane som genererast når du kommuniserer med oss og interagerer med våre innlegg. Skyss kan heller ikkje kontrollere kven som har tilgang til personopplysingane. Vi ber derfor om at du les personvernerklæringa til dine føretrekte sosiale medium nøye før du interagerer med oss.
3.10.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Når du interagerer med oss på sosiale medium behandlar vi personopplysingane som er tilgjengeleg på profilen din, brukaråtferda di, samt kommentarar og reaksjonar på våre innlegg. Vi behandlar òg personopplysingar om deg dersom du sender oss direktemeldingar. Vi ber derfor om at du ikkje oppgir meir informasjon enn det som er nødvendig dersom du interagerer med oss på sosiale medium.
Vi behandlar også aggregert informasjon om besøk og aktivitet på sidene våre for å utarbeide statistikk og gjennomføre analyser. Desse opplysingane er anonyme og vil ikkje kunne knytast til deg som person.
3.10.3. Lagring og sletting
Personopplysingane som genererast ved bruk av sosiale medium kan bli overførte til mottakarar utanfor EU/EØS, avhengig av kva sosialt medium du bruker. Vi oppfordrar til at du les personvernerklæringa til dei sosiale media du bruker, slik at du veit om og eventuelt kvar personopplysingane dine kan bli overførte, og kva overføringsgrunnlag som gjeld for overføringa.
Vi slettar ikkje kommentarar eller reaksjonar på våre innlegg i sosiale medium med mindre desse strider mot retningslinjene våre. Vi gjer merksam på at du når som helst kan slette personopplysingane, men vi kan ikkje garantere at personopplysingane blir sletta slik at tilbydaren av det sosiale mediet ikkje lenger har tilgang til dei.
3.11. Parkeringstenester
3.11.1. Formål og grunnlag for behandlinga
Skyss tilbyr gratis parkering for kollektivreisande på utvalde stader i Bergen og omland. For å kunne parkere gratis må du ha ein gyldig periodebillett for vaksen, student eller honnør.
Skyss er nøydd til å behandle personopplysingane dine for å oppfylle tenesteavtalen du inngikk med oss og for å sikre at kontrollørane våre kan verifisere at billetten din er gyldig. Behandlinga skjer derfor med heimel i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Dersom du ikkje har gyldig bevis eller bilen din står parkert for lenge, kan du bli ilagt gebyr etter satsane i parkeringsforskrifta. I særskilte situasjonar kan køyretøyet ditt også bli fjerna.
3.11.2. Kva for personopplysingar behandlar Skyss?
Kva personopplysingar som blir behandla varierer mellom dei ulike parkeringsplassane våre og korleis du har betalt for å parkeringa. Du finn nærare informasjon om parkeringstenesta her og på oppsette skilt ved parkeringa. Det er mogleg å betale anonymt utan å opprette ein brukarprofil. I så fall lagrar Skyss berre maskert kortinformasjon.
Dersom du har betalt på nettet eller i applikasjonen, behandlar Skyss kontaktopplysingar om deg, samt informasjon om betalingskortet ditt og transaksjonsdata (samt tid og stad for parkeringa di). Skyss vil òg ha tilgang til registreringsnummeret på køyretøyet ditt.
Dersom du har gratis tilgang til parkering gjennom ein avtale arbeidsgivaren din har inngått med oss, vil Skyss òg behandle informasjon om arbeidsforholdet ditt.
Ved parkeringskontroll vil kontrollørane våre kunne ta bilde av bilen din og melde inn årsaka for at du er blitt ilagt gebyr. I samband med dette vil og kontaktinformasjonen din bli behandla, slik at vi kan skrive ut ein faktura.
3.11.3. Lagring og sletting
Personopplysingane blir lagra på serverar i Noreg som blir drifta av personell i Noreg.
Personopplysingar som blir behandla i samband med parkering blir oppbevarte i fem år etter slutten på rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrift. Personopplysingar som blir behandla i samband med klager blir lagra i samsvar med offentleglova og arkivlova.
4. Informasjonskapslar
Skyss bruker informasjonskapslar - også omtalt som cookies - i samband med fleire av våre tenester. Dette gjer vi for å tilby deg sikre tenester og nettsider som fungerer som dei skal. Informasjonskapslar er blant anna nødvendig for at du skal forbli innlogga og at du skal kunne navigere smidig mellom dei ulike landingssidene våre. Vi bruker òg informasjonskapslar for å stadig forbetre brukaropplevinga på våre nettsider og i våre tenester.
Du kan når som helst endre innstillingane i nettlesaren din for å blokkere informasjonskapslar, men hugs at dette kan føre til at tenestene våre ikkje fungerer slik dei skal. Dersom du ønsker å endre samtykket du har gitt oss, kan du besøke denne sida. Dersom du ønsker at vi skal hjelpe deg kan du også kontakte oss via kontaktopplysingane nedst i denne personvernerklæringa.
5. Tilgangskontroll og utlevering til tredjepartar
Personopplysingar som blir behandla om deg, vil berre vere tilgjengeleg for autorisert personell hos Skyss som treng informasjonen for å levere ønska teneste.
Skyss utleverer berre personopplysingar til tredjepartar når det føreligg rettsleg grunnlag for utleveringa eller tredjeparten er engasjert som ein databehandlar og det er inngått ein databehandlaravtale. Det kan til dømes vere leverandørar av IT-tenester eller betalingsløysingar, aktørar som hjelper med billettkontroll eller utlevering til påtalemyndigheita og politiet. Om du klagar på eit enkeltvedtak vil Skyss òg måtte dele personopplysingane dine med klageorganet slik at dei kan behandle saka.
Skyss vil berre overføre personopplysingane dine ut av EU/EØS dersom det er nødvendig for å tilby brukarvennlege tenester eller gi deg informasjon gjennom sosiale medium. I alle slike tilfelle vil Skyss forsikre seg om at tilstrekkelege sikkerheitsgarantiar er gitt og at mottakaren er underlagt tilsvarande forpliktingar som gjeld innanfor EU/EØS.
6. Statistikk
Skyss er pålagt å rapportere trafikktal til statlege og kommunale styresmakter, jf. statistikklova § 10 og kommunelova § 4-1. Skyss nyttar òg statistikk til analyse for å styrke og vidareutvikle tenestetilbodet til kundane våre. Det inneber likevel ikkje behandling av personopplysingar.
7. Informasjonstryggleik
Skyss har implementert informasjonstryggleikstiltak for å verifisere at ingen personopplysingar kjem på avvegar eller blir brukte til andre formål enn dei som er skildra i denne personvernerklæringa.
Det inneber at all kommunikasjon i applikasjonane våre, tilgang til system via internett og dataoverføring mellom ulike komponentar i våre system er kryptert. Det er berre mogleg å få tilgang til data via API som er kryptert og sikra med tilgangsnøklar.
Tilgang til personopplysingar via Skyss sitt grensesnitt er rollestyrt og personleg med hendingslogging for sporbarheit. Administrasjonsgrensesnittet for løysinga er utforma med ulike tilgangsnivå slik at berre personar som treng tilgang vil få innsyn i informasjonen som er relevant for dei. Skyss har også innført tiltak for å sikre at brukarkontoen din ikkje blir misbrukt av eksterne tredjepartar.
8. Dine rettar overfor Skyss
Du har rett til å verte informert om Skyss si behandling av personopplysingane dine. Denne personvernerklæringa er derfor alltid tilgjengeleg på heimesida vår.
Rett til innsyn
Du kan be om informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysingane dine, inkludert informasjon om kvifor Skyss behandlar personopplysingane dine, kvar vi har henta personopplysingane frå, kva kategoriar av personopplysingar Skyss behandlar, kven Skyss utleverer personopplysingane til og kor lenge Skyss lagrar personopplysingane dine. Du kan òg be om kopi av personopplysingane som Skyss behandlar om deg.
Rett til korrigering
Du kan be om at ukorrekte eller ufullstendige personopplysingar vert korrigerte eller supplerte.
Rett til sletting
Du kan be om at Skyss slettar personopplysingane dine dersom nærare vilkår er oppfylt, til dømes dersom Skyss har behandla personopplysingane dine på ein ulovleg måte eller lenger enn nødvendig.
Rett til avgrensa behandling
Du kan krevje at behandlinga av personopplysingane dine vert avgrensa dersom du meiner at personopplysingane er ukorrekte, at behandlinga ikkje er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har protestert mot behandlinga og Skyss har teke protesten til følgje.
Behandlinga vert avgrensa frå innvendinga er innsendt og i den perioden det tek Skyss å vurdere innvendinga. Dersom behandlinga skal avgrensast, har Skyss berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysingane og anna behandling kan berre skje med ditt samtykke. Dette gjeld med mindre Skyss må behandle personopplysingane i samband med juridiske forhold, for å beskytte rettane til andre eller dersom offentlegheita har interesse av behandlinga.
Rett til å protestere
Du kan protestere mot behandlinga av personopplysingane dine dersom du meiner at Skyss ikkje har rett til å behandle personopplysingane dine. I slike tilfelle kan Skyss berre fortsette behandlinga dersom Skyss kan vise til ei rimeleg interesse som veg tyngre enn dine interesser, rettar og fridomar. Skyss kan uansett behandle personopplysingane dine dersom Skyss er lovpålagt å gjere behandlinga eller dersom behandling er nødvendig for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.
Rett til dataportabilitet
Du kan be om at personopplysingar som du har overlevert til Skyss for behandling basert på ditt samtykke eller for å oppfylle ein kontrakt du er part i, vert sendt til deg i eit strukturert, vanleg og maskinleseleg format. Du har òg rett til å be om at Skyss overfører informasjonen til ein annan behandlingsansvarleg.
Rett til å klage til Datatilsynet
Dersom du er misnøgd med Skyss sitt svar eller meiner at Skyss behandlar personopplysingane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om det, finn du her.
Kontaktinformasjon
Om du vil ha meir informasjon eller har spørsmål om Skyss si behandling av personopplysingane dine, kan du sende ein e-post til vårt personvernombod på personvernombod@vlfk.no. Om du ønsker å krevje innsyn, korrigering, sletting, avgrensa behandling eller dataportabilitet, bruk vårt Personvernskjema.
For andre førespurnader, sjå vårt kontaktskjema.
Sist oppdatert 23.01.2024.