Hopp til hovedinnald

Fyll ut skjemaet under for å søke om refusjon. Legg ved skanna kvittering for utlegg og send kravet seinast innan 1 månad etter hendinga.

Alternativt kan du sende skjemaet i posten.
Klikk her for skjema i pdf-format
NB: Hugs å legge ved kvittering for utlegg.

Reisegarantien gjeld for buss, bybane og hurtigbåt og forpliktar oss til å gjere vårt beste for at du skal kome fram i rett tid. Dersom det likevel skulle oppstå forseinkingar eller andre former for svikt i kollektivtilbodet, vil vi:

  • Gje deg best mogleg informasjon om kva som skjer.
  • Så tidleg som råd gje deg informasjon om alternative transportmåtar/vegar.
  • I den grad det er praktisk mogleg, setje opp alternativ transport.

Dersom vi ikkje kan tilby alternativ transport, vil vi refundere dokumenterte utlegg du har hatt til drosje, eigen bil eller annan alternativ transport dersom du blir meir enn:

  • 20 minutt forseinka på reiser under 1 time, opptil 550 kroner
  • 40 minutt forseinka på reiser mellom 1 og 3 timar, opptil 825 kroner
  • 60 minutt forseinka på reiser over 3 timar, opptil 1100 kroner

På reiser over tre timar vil du få dekt faktiske kostnader til overnatting dersom forseinkinga fører til at du ikkje kjem fram dit du skal før dagen etter.

For å gjere eit krav gjeldande må du levere eit reisegarantiskjema eller ein skriftleg førespurnad seinast ein månad etter hendinga.

Innan ein månad etter å ha motteke førespurnaden, vil vi gi tilbakemelding om klagen vert teken til følgje, avvist, eller er under vurdering. Vi vil sende endeleg svar innan 3 månader etter at vi mottok førespurnaden din.

Kvitteringa må innehalde mva og organisasjonsnummer. Manglar dette på kvitteringa, vil du få utbetalt pengane til mobilkontoen i Skyss billett-appen.

Pass på at du brukar gjeldande rutetabell og informasjon om kollektivtilbodet. Det gjeld ofte eigne rutetabellar i samband med høgtidsdagar og feriar.

Når gjeld garantien?

Retten til refusjon gjeld ved alle avvik som ikkje er annonserte på førehand. Refusjonen gjeld andre rutetilbod, drosje eller eigen bil. Dersom du veit at du vil vere godt hjelpt med eit anna rutetilbod bør du bruke det, i tillegg til drosje.

Reiser du med bil får du refundert kilometergodtgjersle etter staten sine satsar. Dersom fleire reiser saman, er det berre føraren som kan sende inn krav om refusjon. Viss det og vert kravd refusjon for fleire passasjerar, må det dokumenterast at passasjer(ane) hadde gyldig billett for reisa. Refusjon gjeld berre kilometergodtgjersle. Den dekkjer ikkje bompengar, parkering eller utgiftar til leigebil.

Reisegarantien gjeld for enkeltreiser og når du har overgang i reisene dine. Du må rekne lang nok overgangstid i tillegg til nødvendig gangtid dersom det ikkje er fast korrespondanse.

Særskilt for buss

Reisegarantien gjeld òg ved forseinkingar som skuldast fråkøyring på grunn av plassmangel. Merk at fråkøyring fordi det ikkje er plass til barnevogn ikkje gir rett på refusjon.

Når gjeld ikkje garantien

Reisegarantien gjeld ikkje dersom det er 20 minutt eller mindre til neste avgang etter rutetabellen. Reisegarantien gjeld heller ikkje dersom forseinkinga eller innstillinga skuldast tilhøve utanfor vår/transportøren sin kontroll, slik som:

  • Offentlege påbod og forbod, streik og liknande.
  • Naturkatastrofar.
  • Ekstraordinære vêrtilhøve (t.d. kraftig snøfall, ras, flaum eller eksepsjonelt glatt vegbane).
  • Vegarbeid eller uventa problem med køyrevegen.
  • Store arrangement eller andre trafikale tilhøve som påverkar kollektivtrafikken i stor grad.
  • Reisegarantien dekker heller ikkje følgjeskadar av forseinkinga, t.d. om du ikkje rekk ein tannlegetime, forretningsavtale eller flyavgang.

Reisegarantien gjeld ikkje på ferje.

Reisegarantien er ei nasjonal ordning som er utarbeidd av Kollektivtrafikkforeningen og Transportbedriftenes Landsforening.

Slik behandlar Skyss personopplysningane dine

Reisegarantiskjema

Korleis reiste du?

Blei du forseinka fordi vi ikkje var i rute? Viss du ikkje kjem fram med eit anna rutetilbod refunderer vi utlegg til drosje.

Blei du forseinka fordi vi ikkje var i rute? Viss du ikkje kjem fram med eit anna rutetilbod refunderer vi utlegg til drosje.

Blei du forseinka fordi vi ikkje var i rute? Viss du ikkje kjem fram med eit anna rutetilbod refunderer vi dokumenterte utlegg for bruk av bil. Vi utbetaler kilometergodtgjersle etter staten sine satsar. Refusjonen dekker ikkje bompengar, parkering eller andre utgifter til leigebil eller delebil.

Blei du forseinka fordi vi ikkje var i rute? Viss du ikkje kjem fram med eit anna rutetilbod refunderer vi dokumenterte utlegg for bruk av annan kollektivtransport.

Blei du forseinka fordi vi ikkje var i rute? Viss du ikkje kjem fram med eit anna rutetilbod refunderer vi dokumenterte utlegg for bruk av annan kollektivtransport.

Blei du forseinka fordi vi ikkje var i rute? Viss du ikkje kjem frem med eit anna rutetilbod refunderer vi dokumenterte utlegg til bysykkel, elsykkel eller elsparkesykkel. Du må legge ved kvittering som viser beløp, dato og starttidspunkt for leige.

Beløp under 100 kroner blir berre utbetalt til mobilkonto.

Beløp under 100 kroner blir berre utbetalt til mobilkonto.

Beløp for refusjon

Skriv inn beløpet du ønsker refundert under. I tabellen ser du kor mykje du kan få.

20 min forseinka på reiser
under 1 time. 
Opptil 550 kr
40 min forseinka på reiser
mellom 1 og 3 timar.
Opptil 825 kr
60 min forseinka på reiser
over 3 timar. 
Opptil 1100 kr

På reiser over tre timar vil du få dekt faktiske kostnader til overnatting dersom forseinkinga fører til at du ikkje kjem fram dit du skal før dagen etter.

Beløp for refusjon

Skriv inn beløpet du ønsker refundert under. I tabellen ser du kor mykje du kan få.

20 min forseinka på reiser
under 1 time. 
Opptil 550 kr
40 min forseinka på reiser
mellom 1 og 3 timar.
Opptil 825 kr
60 min forseinka på reiser
over 3 timar. 
Opptil 1100 kr

På reiser over tre timar vil du få dekt faktiske kostnader til overnatting dersom forseinkinga fører til at du ikkje kjem fram dit du skal før dagen etter.

Du må laste opp ein kopi eller eit bilde av kvitteringa frå selskapet du reiste med. Kvitteringa må innehalde organisasjonsnummer og mva.

Du må laste opp ein kopi eller eit bilde av kvitteringa frå selskapet du reiste med. Kvitteringa må innehalde organisasjonsnummer og mva.

Om bilturen

For å refundere bruk av bil, treng vi å vite kor mange kilometer du har køyrd.

Om bilturen

For å refundere bruk av bil, treng vi å vite kor mange kilometer du har køyrd.

Var det passasjerar i bilen?

Passasjerar må ha gyldig billett for at du kan få refusjon.

Passasjerar må ha gyldig billett for at du kan få refusjon.

Om den planlagde reisa di

Fortel kvifor du ikkje fekk reise med oss.

Om den planlagde reisa di

Fortel kvifor du ikkje fekk reise med oss.

Informasjon om deg

Informasjon om deg

Korleis vil du ha pengane utbetalt?

Kvifor treng vi personnummeret ditt?
Skyss innhentar personnummer i refusjonssaker for å sikre at vi gir refusjon til rett mottakar. Vi forsikrar deg om at vi vil behandle personnummeret ditt konfidensielt og berre for å oppnå sikker identifisering i anledning refusjonssaken.

Utanlandsk kontonummer (valfritt)