Hittegods
Saknar du noko etter reisa di? Vi vil gjerne hjelpe deg med å finne det igjen.
Informasjon om hittegods
Har du mista ein liten ting?
Vi får inn store mengder vottar, hanskar, huer, sjal, skjerf og paraplyar. Har du mista noko av dette, kan vi berre hjelpe deg dersom du møter opp på Skyss sitt kundesenter på Bergen busstasjon. Vi anbefaler at du ventar i minst tre kvardagar før du besøker oss, slik at vi er sikker på at vi har fått inn hittegods frå selskapa som køyrer for oss. Du treng ikkje kontakte oss på førehand eller sende inn skjema.
Har du mista andre ting?
Bruk skjemaet under og beskriv kva du saknar, i tillegg til kvar og når du reiste. Vi tek kontakt med deg når vi har sjekka om gjenstanden er komen inn.
Har du reist utanfor Bergen?
Skjemaet under gjeld for deg som har mista noko på reiser i Bergen og området rundt. Har du reist andre stader i Vestland, må du kontakte buss- eller båtselskapet direkte.
Ta kontakt med operatøren som køyrer den aktuelle linja:
Buss
Ekspressbussar
Vy Buss AS - 40 70 50 70 - buss@vy.no
Nor-Way Bussekspress - 815 44 444 - E-postskjema
Båt
Norled AS - 51 86 87 00 - post@norled.no
Vidar Hop Skyssbåtar - 975 24 616 - vidar@vidarhop.no
Ferje
Norled AS - 51 86 87 00 - post@norled.no
Fjord1 AS - 57 75 70 00 - post@fjord1.no
Boreal Sjø AS - 91 55 58 88 - post@boreal.no
GulenSkyss AS - 57 78 41 25 - post@gulenskyss.no
Wergeland AS - 57 78 18 00 - e-mail@wergeland.com