Har du Kringom verdikort eller periodekort?
Du kan ikkje lenger bruke Kringom verdikort til å kjøpe billett på bussar og båtar i Sogn og Fjordane. Her kan du søke om tilbakebetaling dersom du har ubrukte pengar på kortet.
1. oktober 2024 rydda vi i båtprisane, og prisar, billettar og betalingsmåtar blei like på alle båtrutene våre i Vestland. På buss har verdikortet hatt avgrensingar i bruk allereie sidan juni 2022.
Dersom du har pengar igjen på verdikortet ditt, kan du få desse tilbakebetalt. Du får også tilbakebetalt panten du har betalt for sjølve kortet. Dette gjeld både Kringom verdikort og Kringom periodekort.
Slik behandlar Skyss personopplysningane dine
Lurer du på noko? Sjå spørsmål og svar lenger nede på sida.
Slik rydda vi i båtprisane
Frå 1. oktober blei det fleire endringar for deg som reiser med båt i Sogn og Fjordane.
- Du får no studentrabatt og honnørrabatt også på periodebillettar
- Du kan no kjøpe periodebillett for 7 og 180 dagar, i tillegg til 30 dagar slik du kan i dag.
- På litt lengre reiser får du no 50 prosent rabatt på returen når du kjøper tur-retur-billett.
Du finn fleire detaljar og meir informasjon om alt som blei nytt på denne sida.
Spørsmål og svar
Kringom verdikort
Kvifor kan eg ikkje bruke Kringom verdikort på buss eller båt etter 1. oktober?
Frå 1. oktober ryddar vi i båtprisane i Vestland, og uansett kva av båtrutene våre du reiser med, skal betalingsmåtane vere like. Kringom verdikort har berre vore i bruk på båtar i Sogn og Fjordane, og blir difor fasa ut. I tillegg skiftar vi billettmaskiner på bussar og båtar i Sogn og Fjordane, og dei nye maskinene kan ikkje lese Kringom verdikort.
Eg har pengar igjen på verdikortet, kva gjer eg?
Du kan søke om tilbakebetaling ved å fylle ut refusjonsskjemaet på nettsida skyss.no/verdikort. Du treng kortnummeret på baksida av kortet når du fyller ut skjemaet.
Kva får eg tilbakebetalt?
Du får tilbakebetalt inneståande saldo på verdikortet ditt. Du får i tillegg tilbakebetalt panten på 100 kroner som du betalte første gong du kjøpte kortet.
Dersom du søker om tilbakebetaling etter 31. desember 2024 må du betale eit administrasjonsgebyr. Gebyret er 10 prosent av saldo, men maks 100 kroner, og blir trekt frå beløpet du får tilbakebetalt. Det er ikkje administrasjonsgebyr på panten på kortet.
Korleis kan eg få tilbakebetalt pengane?
Du kan velje mellom å få pengane inn på mobilkontoen din i appen Skyss Billett, eller å få pengane inn på bankkonto. Dersom du ønsker pengane inn på mobilkonto, må du ha appen Skyss Billett og vere registrert med eit telefonnummer. Pengane på mobilkontoen din kan du bruke til å kjøpe alle typar Skyss-billettar i appen. Du vel mobilkonto eller bankkonto når du fyller ut refusjonsskjemaet.
Vi gjer merksam på at det tar kortare tid å få pengane inn på mobilkonto, enn å få det utbetalt til bankkonto. Du kan forvente pengane inn på mobilkonto i løpet av to veker, medan tilbakebetaling til bankkonto er forventa å ta inntil fire veker.
Kva skal eg gjere med sjølve Kringom-kortet?
Du får ikkje lenger betale med kortet om bord på bussar eller båtar. Etter at du har fått tilbakebetalt inneståande saldo og pant, kan du kaste kortet.
Kva gjer eg dersom kortnummeret på baksida er uleseleg eller slite vekk?
Vi må ha kortnummeret for å gi refusjon. Dersom du ikkje kan få hjelp til å finne kortnummeret på ein buss eller båt, kan du sende kortet til oss i posten.
I tillegg til kortet må du legge ved informasjon, avhengig av korleis du ønsker pengane refundert.
For refusjon til mobilkonto må du legge ved mobilnummeret ditt og ei e-postadresse.
For refusjon til bankkonto må du legge ved namn, adresse, bankkontonummer og ei e-postadresse.
Skriv tydeleg, gjerne blokkbokstavar og send kort og informasjon til:
Skyss, Postboks 173, 6801 Førde.
Du treng ikkje sende inn skjemaet på denne sida då.
Vi behandlar refusjonssøknaden din så raskt som mogleg, men gjer merksam på at det kan ta noko lenger tid for refusjonssøknader som blir sendt i posten.
Korleis skal eg få rabatt på båtreiser når eg ikkje kan bruke verdikort?
Kringom verdikort har berre vore i bruk på båtar i Sogn og Fjordane, og blir fasa ut når vi frå 1. oktober ryddar i båtprisane i heile Vestland. Reglar for rabattar og aldersgrenser blir no like på alle båtruter i Vestland.
Avhengig av reisemønsteret ditt kan du få rabatt på ulike måtar. På litt lengre reiser med båt får du 50 prosent rabatt på returreisa, dersom du kjøper ein tur-retur-billett. Tur-retur-billettar kan du kjøpe om bord eller i appen Skyss Billett.
Dersom du kombinerer reiser med buss og båt, kan du no kjøpe ein kombinasjonsbillett som er ein periodebillett for ei bestemt strekning med båt, og ein periodebillett for ei eller fleire soner med buss. Når du kjøper ein kombinasjonsbillett får du 50 prosent rabatt på bussbilletten. Kombinasjonsbillett kjøper du i nettbutikken på skyss.no.
Kringom periodekort
Eg har eit gamalt Kringom periodekort som eg ikkje har brukt på ei stund, kan eg få tilbakebetalt noko på dette?
Du kan få tilbakebetalt panten på 100 kroner som du betalte første gong du kjøpte kortet. Du søker om tilbakebetaling ved å fylle ut refusjonsskjemaet på nettsida skyss.no/verdikort. Du treng kortnummeret på baksida av kortet når du fyller ut skjemaet.
Kva skal eg gjere med sjølve periodekortet?
Etter 1. oktober får du ikkje kjøpe ny periode til Kringom periodekort for båt. Når du har fått tilbakebetalt panten, kan du kaste kortet.
Kvar kjøper eg ny periodebillett når eg ikkje kan kjøpe den på båten?
Periodebillettar kjøper du i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no.
Publisert:
Oppdatert: