Reglement for prisar og rabattordningar for Skyss bussar, bybanen og enkelte båtstrekningar i Vestland
Gjeld frå 1. januar 2025 og inntil vidare.
1. Generelle reglar
Reglementet gjeld for Skyss sine bussar i Vestland, bybanen i Bergen og følgande båtstrekningar i Vestland:
- Askøybåten – båtruta mellom Kleppestø og Strandkaiterminalen i Bergen
- Nordhordlandsbåten – båtruta mellom Knarvik/Frekhaug og Strandkaiterminalen i Bergen
- Florabassenget – båtrutene Florø–Askrova–Stavang–Svanøy og Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn
Vestland fylke er delt inn i ti prissoner, og det er talet på soner frå påstiging til avstiging som avgjer prisen. Prisane går fram av dei gjeldande pristabellane. For alle billettar gjeld ein makspris ved fire soner. Alle prisar blir runda av til nærmaste krone.
For flybussen i Førde og Sogndal gjeld eigne reglar for billettar, rabattar, prisar og kjøp (sjå punkt 6).
For reisande med køyretøy på båt gjeld eigne reglar for rabattar og betalingsmåtar (sjå punkt 8).
1.1 Reisebevis
Du må kunne vise fram gyldig reisebevis til personalet og kontrolløren under heile reisa. Reisebevis er billett som er gyldig for strekninga og for tidspunktet for ombordstiginga, og eventuelt gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis, honnørbevis o.l.). Dersom du skal byte transportmiddel undervegs og billetten er utløpt før du går om bord på neste transportmiddel, må du kjøpe ny billett. Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet.
Billettformatet kan variere avhengig av kvar billetten er kjøpt:
- Appen Skyss Billett: Billetten ligg i appen.
- Nettbutikken på skyss.no: Du kan velje mellom å ha billetten på Skyss-kortet, skrive han ut eller få han på e-post eller SMS.
- Billettautomat: Bankkortet du betaler med, fungerer som billett. Du kan òg få billetten på SMS.
- Om bord: Du får ein papirbillett. Dersom du betaler med bankkort på buss eller båt i Hordaland, fungerer bankkortet òg som billett.
- Kundesenteret på Bergen busstasjon: Du får ein papirbillett når du kjøper enkeltbillett og 24-timarsbillett. Skal du kjøpe periodebillett, må du ha Skyss-kort.
1.1.1 Ombordstiging
I bergensområdet
På bybanen kan du ikkje vise fram billetten til føraren. Når du reiser med buss og båt i bergensområdet, treng du ikkje vise fram billetten når du går om bord. Du kan gå om bord både framme og bak på bussen. Dersom du reiser med ein buss eller båt som skal køyre ut av bergensområdet, må du likevel vise fram billetten når du går om bord.
Utanfor bergensområdet
Utanfor bergensområdet skal du alltid vise fram billetten når du går om bord på buss eller båt. Når du reiser utanfor bergensområdet og har med barnevogn, bagasje, sykkel eller må bruke bakdøra av andre grunnar, skal du gå fram til sjåføren for å vise billetten din etter at du har gått om bord. Dersom du bruker rullestol eller rullator eller av andre grunnar ikkje kan gå fram til sjåføren, vil sjåførane komme bak i bussen for å sjekke billetten din.
Uansett kvar du reiser i Vestland, kan sjåførar, mannskap og kontrollørar når som helst be om å få sjå billetten din.
1.2 Takstsamarbeidsavtalar
Skyss har takstsamarbeid med andre transportaktørar. Reiser du med andre transportaktørar, må du kunne vise fram kvittering for gyldig Skyss-billett ved kontroll.
1.2.1. Tog
Følgande Skyss-billettar er gyldige på tog i Vestland (Vossebanen og Arnalokalen):
- enkeltbillett, 24-timarsbillett og periodebillett i sone A mellom Bergen og Arna/Trengereid
- periodebillett (7, 30 og 180 dagar) i sone A, E og F mellom Bergen og Voss
- 30-dagars ungdomsbillett mellom Bergen og Myrdal
Vy har eigne rabattar og reglar for gruppereiser, følgeperson og dyr og eigne satsar for ombordtillegg. Du kan lese meir om dette på vy.no.
1.2.2 Ekspressbussar
Følgande Skyss-periodebillettar er gyldige på ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke:
- 30- og 180-dagars periodebillett
- Du må ha periodebillett for dei sonene du reiser med ekspressbussen. Skal du reise utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett hos Vy eller NOR-WAY. Du betaler i så fall berre for den strekninga du ikkje har periodebillett for.
- 30-dagars ungdomsbillett
Skyss enkeltbillett er gyldig på følgande ekspressbussar:
- Haukeliekspressen (NW180) på strekninga Odda–Røldal–Etne
- Enkeltbilletten må vere gyldig i sone D. Du kan kjøpe billetten i Skyss sine kanalar, om bord i bussen eller i NOR-WAY sine kanalar. Billettar som er kjøpte i NOR-WAY sine kanalar, er berre gyldige på NW180 Haukeliekspressen og kan ikkje nyttast på Skyss sine transportmiddel. Unntaket er dersom billett er kjøpt hos NOR-WAY til Haukeliekspressen og gjeld heile eller deler av strekninga Seljestad–Bergen. Denne billetten kan du bruke på Skyss linje 930.
For at du skal vere garantert sete på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.
Om du vil ha enkeltbillett eller ein annan billett til ekspressbuss, må du kjøpe denne frå kanalane til Vy eller NOR-WAY.
Strekningar der Skyss-billettar ikkje kan nyttast:
Skyss-billettar kan ikkje nyttast på ekspressbuss på strekningar der Skyss sjølv har eit godt tilbod. Dette gjeld alle ekspressbussrutene rundt Bergen på strekningane
- Bergen busstasjon–Knarvik
- Bergen busstasjon–Halhjem
- Bergen busstasjon–Trengereid
På desse strekningane må du kjøpe eigen billett hos Vy eller NOR-WAY.
Skyss-billettar kan heller ikkje nyttast på flybussen i Bergen.
2. Kjøp av billett
2.1 Appen Skyss Billett
Skyss Billett er ein mobilapplikasjon for iOS-, Android- og Huawei-telefonar. Her kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar, 24-timarsbillett og periodebillettar for heile Vestland.
Betalingsmåtar: bankkort, Vipps, mobilkonto.
2.1.1. Mobilkonto – reisekonto på mobil
Mobilkonto er eit betalingsmiddel i appen Skyss Billett. Innskotet på mobilkontoen må vere minst kr 200, og maksimal saldo er kr 5000. For at du skal kunne betale med mobilkontoen, må saldoen som minimum vere lik kjøpesummen. Slik fyller du på mobilkontoen:
- Bruk VISA, Mastercard eller Vipps.
- Bruk overføring frå nettbank. Send SMS med «KID» til 2412 for å få meir informasjon.
2.2. Nettbutikken
I nettbutikken på skyss.no kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar, 24-timarsbillett og periodebillettar for heile Vestland. For å kjøpe periodebillett må du ha Skyss-kortet. Ved kjøp av enkeltbillett og 24-timarsbillett kan du bruke Skyss-kortet, skrive ut billetten eller få han på SMS eller e-post.
Betalingsmåtar: bankkort, Vipps.
2.2.1 Skyss-kortet
Skyss-kortet er eit reisekort for kollektivtrafikken i Vestland som du bruker når du kjøper billettar i nettbutikken på skyss.no.
2.3 Billettautomat
Du kan kjøpe billett på billettautomatane på alle haldeplassane til bybanen. Bankkortet du betaler med, fungerer som billett.
Betalingsmåtar: bankkort.
2.4 SMS-billett
Du kan kjøpe enkeltbillett til buss, bybane og nokre båtruter ved å sende ein SMS til 2412.
SMS-billetten er gyldig i 90 minutt frå du får han som SMS (tekstmelding). Det står på billetten kor lenge han er gyldig. Billetten kan berre brukast på den telefonen han er kjøpt med, og han vil ikkje vere gyldig dersom han blir vidaresend til ein annan telefon.
Betalingsmåtar: mobilabonnement
2.5 Om bord
Du kan kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar om bord på buss og båt. Du får ein papirbillett, og du må kunne vise fram gyldig reisebevis ved kontroll. Dersom du betaler med bankkort på buss eller båt i Hordaland, vil bankkortet du betaler med òg fungere som billett.
Betalingsmåtar: bankkort, kontant.
2.6 Kundesenter
Hos Skyss kundesenter på Bergen busstasjon kan du kjøpe alle typar billettar for Hordaland.
Betalingsmåtar: bankkort, kontant
3. Billettypar
3.1 Enkeltbillett
Enkeltbilletten gjeld for éi sone i 90 minutt frå kjøps-/starttidspunktet. For kvar ekstra sone er billetten gyldig i ytterlegare 30 minutt.
Enkeltbilletten er tilgjengeleg for vaksen, barn, student, honnør og militær.
3.2 Periodebillett
Alle periodebillettar er upersonlege og kan brukast av fleire, men berre av éin person om gongen. Den som nyttar billetten, må kunne vise han fram og innfri krava til alder og eventuelle rabattar.
Dersom du reiser utover dei sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett. Du betaler i så fall berre for dei sonene du ikkje har periodebillett for.
3.2.1 24-timarsbillett
Med 24-timarsbilletten kan du reise så mykje du vil, innanfor eit bestemt antal soner. 24-timarsbilletten er tilgjengeleg for vaksen, barn, student og honnør.
3.2.2 7-, 30- og 180-dagarsbillett
Med 7-, 30- og 180-dagarsbilletten kan du reise så mykje du vil, innanfor eit bestemt antal soner. 7-, 30- og 180-dagarsbilletten er tilgjengeleg for vaksen, barn, student og honnør.
3.2.3 Ungdomsbillett
Du kan bruke 30-dagars ungdomsbillett frå du fyller 16 år, og til og med den månaden du fyller 21 år. Elevar i vidaregåande skule som ikkje har fylt 16 år, kan òg kjøpe ungdomsbillett, men dei må då dokumentere gjennom inntaksbevis at dei går på vidaregåande.
Ungdomsbilletten gjeld på alle bussrutene til Skyss i heile Vestland og på bybanen. Billetten gjeld i tillegg på enkelte andre transportmiddel.
Andre bussruter
Du kan bruke ungdomsbilletten på
- bussrutene (inkludert nattavgangane) til Kolumbus i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland
- «Trygt heim»-ruter
- flybussen i Førde og Sogndal
NB! Ungdomsbilletten gjeld ikkje på Flybussen i Bergen.
Båt
Du kan bruke ungdomsbilletten på
- alle båtruter i Vestland bortsett frå
- båtrute Osterfjorden
- Geitanger–Knappskog
- turistrute Hardanger (Norheimsund–Herand–Utne–Kinsarvik–Lofthus–Ulvik–Eidfjord)
- ekspressbåtrutene til Norled mellom Sogn og Bergen og mellom Nordfjord og Bergen (Du kan reservere plass om bord når du reiser med ungdomsbillett. Les meir på norled.no.)
Ferje
Du kan bruke ungdomsbilletten på alle ferjesamband i Vestland.
Ekspressbuss
Du kan bruke ungdomsbilletten på ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, men ikkje på følgande strekningar:
- Bergen busstasjon–Knarvik
- Bergen busstasjon–Halhjem
- Bergen busstasjon–Trengereid
For at du skal vere garantert sete på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i salskanalane til Vy eller NOR-WAY.
Tog
Du kan bruke ungdomsbilletten på avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen og Arnalokalen).
Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo) eller på Flåmsbana.
Ungdomsbilletten gjeld ikkje på andre private buss-, båt- og ferjeruter i Vestland.
Hugs kvittering! Du må kunne vise kvittering og legitimasjon når du reiser med ekspressbuss, tog eller ekspressbåt.
4. Kategoriar
Dei reisande betaler ulik pris, avhengig av kva kategori dei kjem inn under.
4.1. Vaksen
Personar mellom 18 og 67 år gjeld som vaksne og betaler full pris for alle typar billettar.
4.2 Barn
Barn under 6 år reiser gratis. Barn mellom 6 og 18 år betaler om lag halv pris av ordinær pris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar.
Ved tvil om alder kan personalet og kontrolløren krevje å få sjå gyldig legitimasjon.
4.3 Honnør
Honnørar betaler om lag halv pris av ordinær pris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar.
Honnørrabatt gjeld for
- personar over 67 år
- personar med honnørkort frå Nav
- blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort
- ektefelle eller partnar (registrert etter ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett
På førespurnad frå personale eller kontrollør må du kunne vise at du har krav på rabatt. For reisande som har fylt 67 år, er legitimasjon med bilde som viser alderen, rekna som gyldig bevis.
Honnørbillett for reisande under 67 år er gyldig ved framvising av tilleggslegitimasjonskort og legitimasjon med bilde:
- Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og legitimasjon med bilde.
- Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) frå Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde og legitimasjon med bilde.
Det er Nav som utferdar honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.
4.4 Student
Studentar får om lag 40 prosent rabatt på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og 7-, 30- og 180-dagars periodebillettar.
Studentrabatten gjeld for følgande personar:
- Studentar/elevar som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule, universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studieomfanget svare til eit årskurs.
- Lærlingar og lærekandidatar på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4
- Vaksne framandspråklege som på fulltid får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktningar som er med i introduksjonsprogrammet
På førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør må du kunne dokumentere at du studerer eller går i lære det aktuelle semesteret. Gyldig bevis må vise namn, fødselsdato, studiestad og at det gjeld dette semesteret. Følgande bevis er gyldige:
- studiekort/studentbevis på mobilen som stadfestar at du er student dette semesteret
- dokumentasjon frå skole som stadfestar skolegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med bilde
Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort. (ANSA-kort blir ikkje godteke.) Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå studiestaden.
Gyldig dokumentasjon for lærlingar/lærekandidatar:
- personleg ID-kort frå bedrifta merka med «lærling» eller «lærekandidat»
- kopi av lærekontrakt (i digitalt eller fysisk format)
- stadfesting frå bedrifta på at du er lærling/lærekandidat, med perioden for lærekontrakten, namn og fødselsdato
Studiebeviset for vårsemesteret gjeld til og med august, og studiebeviset for haustsemesteret gjeld ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for bruk av periodebillett med studentrabatt 31. august og 31. januar. Dersom du ved billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale det gjeldande gebyret.
4.5 Militær
Vernepliktig mannskap i førstegongsteneste betaler om lag halv pris av ordinær pris på enkeltbillettar for reiser over 15 kilometer. Militærrabatten gjeld for den tenesteperioden som er oppført på Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID fungerer som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis. Militærrabatten gjeld berre norske statsborgarar som er knytte til det norske forsvaret.
4.6 Følgeperson
Følgepersonar til personar med nedsett funksjonsevne som har følgekort og gyldig billett, reiser gratis med Skyss sine transportmiddel. Følgepersonen treng ikkje eigen billett.
Tog: Når du bruker Skyss-billett på reiser med tog i sone A (mellom Bergen og Trengereid), gjeld dei same vilkåra som på buss, bybane og båt. For reiser med tog utanfor sone A gjeld eigne reglar.
5. Rabattar
Dersom de er fleire som reiser saman, kan de få rabatt. Du kan òg få rabatt dersom du kombinerer båtreisa med ei bussreise.
5.1 Familie
Reisande over 18 år som har gyldig billett, kan ta med seg inntil fire barn mellom 6 og 18 år gratis. Barn under 6 år reiser alltid gratis.
Familierabatten gjeld også på tog (Vossebanen og Arnalokalen) for enkeltbillettar og 24-timarsbillettar i sone A mellom Bergen og Arna/Trengereid og for periodebillettar (7-, 30 og 180-dagarsbillett) i sone A, E og F mellom Bergen og Voss.
5.2 Gruppe
Kjøper du enkeltbillett til ti eller fleire personar samtidig, får du 17 prosent grupperabatt på vaksenbillettar. Barn, studentar, honnørar og militær får ikkje grupperabatt, men blir rekna med i talet på reisande. Barn under 6 år reiser gratis og blir ikkje rekna med i talet på reisande.
Grupperabatten kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.
Kontakt Vy dersom du har spørsmål om gruppereiser med tog.
5.3 Kombinasjonsreise buss–båt
Ved kjøp av periodebillettar for kombinasjonsreiser med buss og båt kan du oppnå rabatt. Rabatten varierer ut frå kvar du reiser.
5.4 Reiserabatt
Reiserabatten gjeld for enkeltbillettar for vaksen som er kjøpte i appen Skyss Billett. Reiserabatten blir rekna ut basert på billettkjøpa dei siste 30 dagane. Jo fleire enkeltbillettar du kjøper, jo billigare blir den neste enkeltbilletten. Du får rabatt allereie frå det andre billettkjøpet. Du kan oppnå maks 40 prosent rabatt av full pris.
6. Flybuss i Førde og Sogndal
Skyss har flybussar som går til og frå Førde Lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen. For reiser med flybussen som startar eller sluttar på flyplassen, gjeld eigne prisar og reglar:
- Du kan kjøpe enkeltbillettar for vaksen, barn, honnør og militær. Barn, honnør og militær betaler halv pris.
- Du må kjøpe billetten om bord og betale kontant eller med bankkort.
- 30-dagers ungdomsbillett kan brukast som billett på flybussane.
Merk: Familierabatt, grupperabatt og reiserabatt gjeld ikkje.
På korte reiser med flybussen som ikkje startar eller sluttar på flyplassen, gjeld følgande reglar:
- Du betaler vanleg pris (sonepris).
- Du kan bruke periodebillett (7-, 30- og 180-dagarsbillett).
7. Reisegods o.l.
7.1 Handbagasje
Du betaler ingenting for å ta med handbagasje.
7.2. Barnevogner, rullestolar og ski
Det er gratis å ta med barnevogn, rullestol og ski så lenge det er plass.
7.3 Dyr
Dyr reiser gratis. På tog gjeld eigne reglar.
7.4 Sykkel og sparkesykkel
Buss/bybane: Du kan ta med sykkel/elsykkel og stor sparkesykkel/elsparkesykkel så lenge det er plass. Du må betale om lag halv pris av ein enkeltbillett for desse syklane. Samanlagt sykkel blir rekna som handbagasje.
På Askøybåten, på Nordhordlandsbåten og i Florabassenget: Du kan ta med sykkel/elsykkel og sparkesykkel/elsparkesykkel gratis så lenge det er plass.
8. Reisande med køyretøy på båt
På nokre båtstrekningar i Vestland kan du reise med køyretøy. I Florabassenget gjeld det desse:
- 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy
- 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn
Reiser med køyretøy inklusive førar følger AutoPASS-regulativets reglar for prisar og rabattordningar. Prisane for køyretøy inklusive førar på desse båtstrekningane finn du på autopassferje.no/priser/. Det er avgrensa plass til køyretøy, så du bør bestille plass på førehand. Du finn oppdatert informasjon om plassbestilling på skyss.no.
Merk! Inntil vidare må du betale for køyretøy med bankkort eller kontantar til mannskapet om bord.
Passasjerar i køyretøyet må ha vanleg billett for sone H. Billettar for passasjerar kan du kjøpe om bord, i appen Skyss Billett, i nettbutikken eller på SMS.
9. Refusjon
Enkeltbillettar og 24-timarsbillettar blir ikkje refunderte. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar og ungdomsbillettar kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto.
10. Skoleskyssbillett
Skoleskyssbilletten er personleg og kan berre brukast av elevar som har fått gratis skoleskyss. Med skoleskyssbilletten kan du reise to gonger kvar skoledag: éin gong frå heimen til skolen og éin gong frå skolen til heimen. Skal du reise meir enn dette eller til andre stader, må du kjøpe ein eigen billett.
Elevar kan velje om dei vil ha skoleskyssbilletten i appen Skyss Billett eller på Skyss skolekort.
Skoleskyssbilletten for grunnskolen gjeld frå klokka 06:00 til klokka 19:00, og skoleskyssbilletten for vidaregåande skole gjeld frå klokka 06:00 til klokka 22:00. Billetten gjeld for den perioden eleven er innvilga gratis skoleskyss, og er berre gyldig på skoledagar. Han kan altså ikkje brukast på skolefrie dagar, slik som helger, planleggingsdagar og skoleferiar.
Dersom du har mista eller gløymt skoleskyssbilletten, må du sjølv kjøpe og betale for billett til skolen. Det er skolen som deler ut dei fysiske skolekorta, så du må kontakte skolen din dersom du treng eit nytt kort. Du finn meir informasjon om skoleskyssbillett på mobil og reglane som gjeld, i skoleskyssreglementet på skyss.no.