Militærrabatt
Du må vere vernepliktig i førstegongsteneste for å kunne kjøpe militærbillett.
Når du skal reise med Skyss sine bussar, bybanen og båtruter med sonepris, får du militærrabatt på alle billettar.
Du får
- 40 prosent rabatt på enkeltbillettar for ei sone
- 50 prosent rabatt på enkeltbillettar for to eller fleire soner
- 40 prosent rabatt på 24-timarsbillettar og periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar.
Enkeltbillett for militær i sone A kan du også bruke på reiser med tog mellom Bergen og Arna/Trengereid (Vossebanen og Arnalokalen).
På desse båtrutene gjeld sonepris: Kleppestø–Strandkaiterminalen, Knarvik–Frekhaug–Strandkaiterminalen og båtrutene i Florabassenget.
Her finn du informasjon om militærrabatt på båtrutene som ikkje har sonepris
Billettkontroll
Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må i ein eventuell billettkontroll vise gyldig bevis på at dei har krav på rabattert pris. For deg som er vernepliktig gjeld Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID) som gyldig dokumentasjon. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som dokumentasjon.