Honnørrabatt
Som honnør får du alltid billigare billettar når du skal reise med oss.
Honnørreisande får om lag 50 prosent rabatt på ordinær pris på alle billettar.
Her kan du finne pris for reisa diHonnørrabatten gjeld
- personar som har fylt 67 år
- personar med honnørkort frå Nav
- blinde eller døvblinde med tilleggslegitimasjonskort
- ektefelle eller partnar (registrert etter ekteskapslova) som reiser i følge med person med honnørbillett
Hugs gyldig bevis
Alle som reiser med billettar med rabattert pris, må ved billettkontroll kunne vise gyldig bevis på at dei har krav på rabatt.
Dersom du er over 67 år, er legitimasjon med bilde som viser alderen din rekna som gyldig bevis på at du har krav på honnørrabatt.
Honnørbillett for reisande under 67 år er gyldig ved framvising av tilleggslegitimasjonskort og legitimasjon med bilde:
- Personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir, og personar med tilsvarande uføretrygd frå eit anna EØS-land, må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Uføre flyktningar med supplerande stønad må vise fram blått honnørkort frå Nav og legitimasjon med bilde.
- Blinde utan uførepensjon må vise fram tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og legitimasjon med bilde.
- Døvblinde med rett til gratis reise for éin følgeperson må vise fram tilleggslegitimasjonskort (grønt honnørkort) som er sendt ut av Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde og legitimasjon med bilde.
Det er Nav som sender ut honnørkort til personar som har rett på det. Blinde utan uførepensjon og døvblinde får eigne tilleggslegitimasjonskort frå Norges Blindeforbund og Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde.
Dersom du har spørsmål som gjeld vilkår og utsending av honnørkort, kan du kontakte Nav, Norges Blindeforbund eller Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde direkte.