Ferje
Alle ferjene i Vestland følger AutoPASS-regulativet. Du betaler berre for køyretøyet og sjåføren, passasjerar reiser gratis.
For å finne pris brukar du ferjepriskalkulatoren på autopassferje.no.
Der finn du informasjon om alle ferjesamband, og du kan enkelt finne pris avhengig av kva slags køyretøy og AutoPASS-avtale du har.
Slik brukar du ferjepriskalkulatoren
Dersom ferjestrekninga har fleire delstrekningar, kjem desse opp etter at du har valt hovudstrekning.
- Vel ferjestrekning frå nedtrekksmenyen.
- Vel kva slags køyretøy du har. Du vel mellom:
- Konvensjonell: bensin-, diesel- eller hybridkøyretøy.
- Nullutslepp: elektriske eller hydrogenkøyretøy.
- Vel datoen du skal reise.
- Vel priskategori for billett:
- Fullpris.
- AutoPASS-brikke utan forskotsavtale.
- AutoPASS for ferje forskotsavtale for privatpersonar.
- AutoPASS for ferje forskotsavtale for bedrifter.
- Klikk på søk for å sjå prisane.
Prisen blir bestemt av lengda på køyretøyet ditt, inkludert last. Motorsyklar og mopedar har eigne prisar.
Her er det gratis å reise med ferje
Fleire ferjestrekningar i Vestland er gratis:
- Krokeide–Hufthamar
- Hisarøy–Mjånes
- Barmen–Barmsund
- Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad
- Daløy–Haldorsneset
- Fjelberg–Sydnes–Utbjoa
- Kinsarvik–Utne
- Fedje–Sævrøy
- Masfjordnes–Duesund
- Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella
- Husavik–Sandvikvåg
Gratis på deler av ruta
På nokre ferjestrekningar med fleire stopp er enkelte delstrekningar gratis. Dette gjeld på
- Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet: Gratis for reisande til og frå Gjervik, og til og frå Værlandet.
- Jektevik–Nordhuglo–Hodnanes: Gratis for reisande til og frå Nordhuglo.
- Måløy–Husevågøy–Oldeide: Gratis for reisande til og frå Husevågøy.
- Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes: Gratis for reisande til og frå Varaldsøy.
Slik får du rabatt
Alle ferjene i Vestland følger AutoPASS-regulativet. Du betaler berre for køyretøyet og føraren, passasjerar reiser gratis.
Når du køyrer om bord på ferja, blir registreringsnummeret eller AutoPASS-brikka i køyretøyet lese av. Det er ulike måtar å få rabatt på:
- Du får automatisk 10 prosent rabatt dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke i køyretøyet ditt. På autopassferje.no finn du oversikt over kvar du kan bestille brikke.
- Du får best rabatt dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale. Denne avtalen gir 50 prosent rabatt for privatkundar og 40 prosent rabatt for bedriftskundar. Du opprettar avtalen på autopassferje.no.
- Dersom du har eit nullutsleppskøyretøy, gir dette også rabatt. Nullutsleppskøyretøy under 6 meter får 30 prosent rabatt, mens større nullutsleppskøyretøy får 50 prosent rabatt.
Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller ferjeavtale, må du betale fullpris og får tilsend faktura.
På autopassferje.no finn du alle detaljar om prisar, rabattar og korleis du betaler for ferjereiser.
FerryPay – ingen rabatt, men enkel betaling
FerryPay er ei enkel betalingsløysing utan rabattar, og passar for deg som ikkje har verken AutoPASS-brikke eller AutoPASS ferjeavtale. Når du køyrer om bord på ferja, blir registreringsnummeret på køyretøyet ditt lese av og kopla opp mot FerryPay-avtalen din. Du betaler automatisk med kreditt- eller debetkortet du har registrert i avtalen, og slepp faktura med gebyr i posten. Du finn informasjon om løysinga på ferrypay.no.
Reglar for ferjeprisar
Prisane, reglar for rabatt og betalingsmåtar på ferjene i Vestland følger AutoPASS-regulativet for ferjetakstar. Regulativet gjeld på dei fleste ferjer i Norge, og både reglar og prisar blir vanlegvis oppdaterte ved nyttår kvart år.
Forskrift om transport med ferje
Du kan ta med køyretøy på båtruter
På nokre av båtrutene i Vestland kan du ta med køyretøy.
Her finn du informasjon om prisar, rabattar, betalingsmåtar og plassbestilling på desse rutene.
Ver merksam på at AutoPASS-ferjekortet ikkje kan brukast etter 1. januar 2025.