Prissoner og sonekart
Vestland er delt inn i ti prissoner. Billettprisen blir bestemt av kor mange soner du skal reise i.
Sonene gjeld for desse transportmidla
Sonene gjeld når du skal reise med
- Skyss sine bussar i Vestland
- bybanen i Bergen
- båtruta Kleppestø–Bergen (sone A)
- båtruta Knarvik–Frekhaug–Bergen (sone A)
- båtrutene i Florabassenget (sone H): Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy, Florø–Rognaldsvåg–Kinn, Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy og Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn
- tog mellom Bergen og Voss
På dei fleste båtrutene i Vestland blir billettprisen bestemt av avstanden mellom kaiene. Du finn informasjon om prisar og rabattar på båt her.
Slik fungerer prissonene
Prissonene er geografiske område som blir brukte til å bestemme prisen på reisa di. Når du kjøper billett, betaler du for antalet soner du reiser i, uavhengig av kor langt du reiser i kvar sone.
Nyttig å vite:
- Enkeltbillettar for éi sone er gyldige i 60 minutt. Varigheita aukar med 30 minutt for kvar sone du betaler for.
- 24-timarsbilletten er gyldig i eitt døgn i den eller dei sonene du kjøper billett for.
- Periodebillettar er gyldige for eit uavgrensa antal reiser i den eller dei sonene du kjøper billett for. Du kan kjøpe periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar.
- Alle billettypane er gyldige for reiser med buss, bybane, båt og tog innanfor den eller dei sonene du har kjøpt billett for.
- Du betalar aldri for meir enn fire soner, uansett kor mange soner du reiser gjennom.
Tips: Har du periodebillett for éi sone, men treng å reise inn i ei anna, kan du kjøpe enkeltbillett for den sona du ikkje allereie har billett for.
Slik er sonene delte inn
Sonene i Vestland er delte inn med bokstavnamn frå A til J.
- Sone A: Kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og tidlegare Os kommune
- Sone B: Områda rundt Bjørnafjorden
- Sone C: Sunnhordland
- Sone D: Odda, Eidfjord og Rosendal
- Sone E: Voss, Granvin og Ulvik
- Sone F: Samnanger, Kvam, Vaksdal og Modalen
- Sone G: Masfjorden, Gulen og sørsida av Høyanger kommune
- Sone H: Sunnfjord, Solund, Hyllestad, Høyanger (nordsida), Fjaler, Askvoll og den sørlege delen av Kinn
- Sone I: Stad, Bremanger, den nordlege delen av Kinn, Gloppen og Stryn
- Sone J: Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Sogndal og Luster
Sjå detaljert kart over sonene her.
Finn ut kva sone du skal reise i
Finn sone i appen: I appen Skyss Billett kan du søke opp haldeplassane du skal reise frå og til, og sjå kva soner dei ligg i.
Finn sone i kartet: I dette kartet finn du haldeplassane dine og detaljert oversikt over sonene.

Sjå kart for detaljerte grenser mellom sonene
Merk: På dei fleste båtrutene i Vestland blir billettprisen bestemt av avstanden mellom kaiene. Du finn informasjon om prisar og rabattar på båt her.