I nettbutikken har du alltid oversikt over kjøpte billettar, både dei som er gyldige no og billettar frå tidlegare.
Nettbutikken
Du kan kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar i nettbutikken. Du kan også kjøpe billettar til andre, for eksempel barn.
Logg inn i nettbutikken her
Slik fungerer nettbutikken
Her kan du bruke billettar frå nettbutikken
- Skyss sine bussar i Vestland
- Skyss sine båtar i Vestland
- bybanen i Bergen
Ver merksam på at billettar frå nettbutikken ikkje kan brukast på flybussar.
Nokre av billettane i nettbutikken kan du også bruke på andre transportmiddel. Det gjeld på
- lokaltog mellom Bergen og Voss. Her finn du meir informasjon.
- Vy og Nor-Way sine ekspressbussruter i Vestland. Her finn du meir info om Skyss-billettar på ekspressbuss.
- ekspressbåtavgangar på linje 190 Bergen-Nordfjord på strekninga Florø-Selje. Her finn du meir informasjon.
Få billetten på SMS, e-post eller utskrift
Når du kjøper enkeltbillett eller 24-timarsbillett i nettbutikken, bestemmer du sjølv kva du vil ha som billett. Du kan velje mellom å knytte billetten til eit Skysskort, sende han på SMS eller e-post, eller skrive billetten ut på papir.
Når du kjøper ungdomsbillett eller periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar i nettbutikken, må du alltid ha billetten på eit Skysskort.
Få billetten på Skysskort
Skysskortet er eit fysisk reisekort for deg som reiser i Vestland. Når du kjøper billett i nettbutikken, kan Skysskortet fungere som billetten din.
Bestill Skysskort
Treng du fleire Skysskort, legg du inn ei bestilling for kvart kort.
Slik bruker du Skysskortet
- Opprett ein konto i Skyss nettbutikk og registrer Skysskortet.
- Kjøp billetten du vil ha i nettbutikken og knytt billetten til Skysskortet ditt.
- Hugs å alltid ha med deg Skysskortet når du reiser. Dersom du reiser i bergensområdet treng du ikkje vise fram Skysskortet når du går om bord. Dersom du reiser utanfor bergensområdet skal du alltid vise Skysskortet til sjåfør eller båtmannskap når du går om bord. Du finn meir informasjon om ombordstiging her.
- Når det er billettkontroll viser du Skysskortet og eventuell dokumentasjon dersom du har kjøpt ein billett med rabattert pris. For eksempel studentbevis dersom du har kjøpt ein studentbillett.
Merk: Når du kjøper ungdomsbillett eller periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar i nettbutikken, må du alltid ha billetten på eit Skysskort.
Kjøp billett til andre
I nettbutikken kan du også kjøpe enkeltbillett eller 24-timarsbillett til andre personar, for eksempel barn eller familiemedlemmer.
Når du kjøper billetten kan du sende den på SMS eller e-post til den andre personen, skrive billetten ut på papir slik at den andre personen kan ta den med seg, eller du kan knytte billetten til Skysskortet deira.
Du kan kjøpe billett til reiser som startar inntil 30 dagar fram i tid. Når du kjøper billetten, vel du frå kva dato og klokkeslett billetten skal vere gyldig.
Vel når billetten skal gjelde
Når du kjøper billett i nettbutikken, kan du velje når billetten skal gjelde.
Du kan kjøpe billett til reiser som startar inntil 30 dagar fram i tid. Når du kjøper billetten, vel du frå kva dato og klokkeslett billetten skal vere gyldig. Du kan for eksempel kjøpe billetten på førehand, til tidspunktet du planlegger å reise neste dag.

Spørsmål og svar
Korleis får eg tilgang til nettbutikken?
Du registrerer deg første gong du bruker nettbutikken. Du kan også logge inn i nettbutikken med Facebook eller Google.
Kva billettar kan eg kjøpe i nettbutikken?
I nettbutikken kan du kjøpe enkeltbillettar, 24-timarsbillettar, ungdomsbillett og periodebillettar for 7, 30 eller 180 dagar.
Når du kjøper enkeltbillett eller 24-timarsbillett, kan du velje om du vil ha billetten på:
- Skysskort
- SMS (QR-kode)
- e-post (QR-kode)
- utskrift (QR-kode)
Når du kjøper ungdomsbillett eller periodebillett, må du ha billetten på Skysskort.
Korleis betaler eg?
I nettbutikken kan du betale med bankkort eller Vipps. Du registrerer bankkortet ditt ved første kjøp, så går det raskare neste gong.
Får eg rabatt i nettbutikken?
Det er ingen spesielle rabattar i nettbutikken. Du får dei same rabattane som elles, for eksempel student, honnør og grupperabatt.
Hugs at du alltid må ha med legitimasjon som viser at du har rett til å bruke billett med rabattert pris.
Kan eg kjøpe ungdomsbillett i nettbutikken?
Ja, du kan kjøpe ungdomsbillett i nettbutikken og ha billetten på Skysskort.
Merk: Når du har ungdomsbillett på Skysskort og skal reise med tog, ekspressbuss eller ekspressbåt, må du kunne vise fram kvittering frå nettbutikken.
Kan eg kjøpe tur-retur-billett i nettbutikken?
Nei, det er ikkje mogleg å kjøpe denne billettypen i nettbutikken. Tur-retur-billettar til båt kjøper du i appen Skyss Billett eller om bord.
Kan eg kjøpe billett til andre enn meg sjølv i nettbutikken?
Ja, du kan kjøpe billett til andre ved å lage underbrukarar. Då kan du knyte eit anna Skysskort til t.d. barn/andre familiemedlemmer. Når du kjøper billett, vel du dette Skysskortet under «Levering». Du kan også kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett og sende billetten/gi billettkoden til den som skal reise. Merk at det er ei avgrensing på eitt Skysskort per brukar/underbrukar.
Kva skal eg gjere når eg går om bord i buss, bybane eller båt?
Du kan velje mellom å ha billetten frå nettbutikken på Skysskort, skrive han ut eller få han på e-post eller SMS. Hugs å ta med legitimasjon dersom du har kjøpt ein billett til rabattert pris, for eksempel student- eller honnørbillett.
Du treng ikkje vise billett frå nettbutikken når du går om bord på buss eller båt i bergensområdet. Når du reiser utanfor bergensområdet, skal du alltid vise billetten til sjåfør eller båtmannskap når du går om bord. Hugs at sjåførar, båtmannskap og kontrollørar likevel kan krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa. Du finn meir informasjon om ombordstiging her.
Kva gjer eg dersom eg blir stoppa i billettkontroll?
Då viser du fram billetten din, som du har på Skysskort, utskrift, SMS eller e-post. Kontrolløren har kontakt med nettbutikken og kan sjekke at du har gyldig billett.
Kva skal eg vise til sjåføren når eg reiser med ekspressbuss?
Kjøper du billett i nettbutikken og skal reise med andre busselskap enn Skyss, må du ha med kvittering. Den kan du skrive ut eller sende til deg sjølv frå nettbutikken. Her finn du informasjon om kva Skyss-billettar som er gyldige på ekspressbuss.
Kva om eg mistar Skysskortet?
Dersom du mistar Skysskortet, logg deg raskast mogleg inn i nettbutikken og slett Skysskortet frå profilen din. Sjølve billetten som eventuelt er kjøpt, vil framleis vere i nettbutikken, registrert på din profil.
Bestill nytt Skysskort, og registrer dette i nettbutikken når det kjem i posten. Har du ein billett du vil bruke i tida før kortet kjem, kan du ta med kvittering frå nettbutikken og vise denne i ein eventuell billettkontroll.
Eg treng fleire Skysskort, kva gjer eg?
Dersom du treng fleire Skysskort, må du legge inn ei bestilling for kvart kort. Når du får Skysskortet, registrerer du det i nettbutikken.