Hopp til hovedinnald

Slik bruker du appen

  • Skyss sine bussar i Vestland
  • Skyss sine båtar i Vestland
  • Bybanen i Bergen

Ver merksam på at billettar frå appen ikkje kan brukast på flybussar. 

Nokre av billettane i appen kan også brukast på andre transportmiddel. Det gjeld på

Det er berre i appen Skyss Billett at du får bruke reiserabatten.

Her kjem ein beskrivelse av korleis du lastar ned og bruker appen for første gong. Lenger ned finn du også ein film som viser korleis du bruker appen. Klikk på "Video: Slik bruker du appen Skyss Billett" for å sjå filmen".

Slik lastar du ned appen og oppretter ein ny konto:

1. Få appen på telefonen din
Last ned appen Skyss Billett frå app-butikken:

Last ned Ruter-appen for iPhone i App Store. Knapp   Last ned Ruter-appen for Android på Google Play. Knapp

2. Opprett ein konto
Før du kan kjøpe billett må du opprette ein konto. Det er to måtar å gjere dette på:

  1. I hovudmenyen, trykk på «Logg inn»
  2. Vel ein billett og klikk på «Kjøp billett»

Uansett om du har trykt på «Logg inn» eller «Kjøp billett» vil du bli bedt om å legge inn telefonnummeret ditt. Når du har gjort det får du ein SMS-kode du må skrive inn, før du må bekrefte brukarvilkåra.

Du kan no bruke appen på vanleg måte.

3. Vel korleis du vil betale (Valfritt)
Første gong du bruker appen er Vipps standard betalingsmåte. Dette kan du enkelt endre i innstillingane dersom du ønsker det.

Les meir om ulike måtar å betale på lenger ned.

4. Vel billett

  • Vel «Kjøp enkeltbillett» eller «Kjøp periodebillett» frå hovudmenyen.
  • Vel den billetten du ønsker og klikk på «Kjøp billett». Du kan velje mellom:
    • «Buss/bybane og enkelte båtar» eller «Båt i Hordaland»
    • Kva sone eller strekning du treng billett for.
    • For båt i Hordaland: En vei eller tur-retur.
    • For periodebillett: Kor lenge billetten skal vare (1, 7, 30 eller 180 dagar).

5. Gå om bord!

  • Hugs å kjøpe billetten før du går om bord.
  • Det vil gå 2 minutt frå du kjøper billett til billetten er aktiv. Du kan likevel gå om bord når billetten er kjøpt og teksten «Aktiv om 2:00 – Påstigning tillatt» viser, og nedteljinga har starta.

Du kan betale billettar i appen på følgande måtar:

  • Vipps 
  • Bankkort (VISA/Mastercard)
  • Mobilkonto
  • Telefonrekning (gjeld ikkje for periodebillettar)

I appen må du velje ein av desse som standard betalingsmåte, noko som gjer det enklare for deg neste gong du skal kjøpe billett. Vipps er standard betalingsmetode når du først installerer appen. 

Gå til «Innstillingar» og «Standard betalingsmetode» for å endre korleis du betaler for billettane dine.

Og husk at du alltid kan endre på kva betalingsmetode du betaler med neste gong du kjøper billett.

Vipps
Med Vipps som standard betalingsmetode, vil Vipps-appen opne seg når du skal betale. Du blir bedt om å logge på Vipps på vanleg måte. Appen Skyss Billett vil be om tilgang til Vipps, og dette må du svare "ja" på.

Bankkort
Du kan betale i appen med VISA eller Mastercard. Du kan betale billettar direkte med bankkortet, eller bruke bankkort til å fylle på mobilkontoen din.

For å legge til eit bankkort i appen må du gå til innstillingane og klikke på «Bankkorta mine». Her kan du legge til bankkortet ditt. Du trenger berre legge til bankkortet ditt ein gong.

Alle transaksjonar som involverer bruk av bankkort blir behandla av Nets. Nets leverer betalings-, kort- og informasjonsløysingar i dei nordiske landa og tilbyr ei sikker elektronisk betalingsløysing. Nets sikrar at all kortinformasjon blir oppbevart sikkert og i samsvar med kortselskapa sine regelverk. Ingen opplysningar om betalingskortet blir lagra i appen eller hos Skyss.

Mobilkonto
Mobilkonto fungerer som ei digital lommebok i appen som du kan kjøpe billettar for.

Du kan fylle på mobilkonto med minimum 200 kr og maksimum 5000 kr kvar gong.

Påfylling av mobilkonto kan du gjere på to ulike måtar:

  • Med bankkort frå VISA eller Mastercard
  • Overføring frå nettbank. Send «KID» til 2412 for meir informasjon.

Skal du avslutte mobilkontoen, og ønsker resterande beløp refundert, kan du fylle ut refusjonsskjema her. Vi gjer merksam på at beløp under 50 kroner ikkje blir refundert. 

Heile familien kan kjøpe billettar frå same mobilkonto
Det er mogleg å knytte fleire brukarar til den same mobilkontoen. Dette passar spesielt for familiar. Då kan barna betale reisene sine ved å belaste til dømes mor eller far sin mobilkonto. Du kan legge til tilknytte brukarar i innstillingane.

Telefonrekning
Du kan betale for enkeltbillettar over telefonrekninga di. Når du betaler med telefonrekning, får du ein SMS med stadfesting på at betalinga er gjennomført. Det kan ta litt tid å få stadfesting frå teleoperatøren. Billetten din blir først synleg i appen etter stadfesting.

Ver merksam på at betaling over telefonrekning i appen ikkje er det same som ein SMS-billett. Stadfestinga du får på SMS er ikkje eit gyldig reisebevis. I ein billettkontroll må du vise fram billetten i appen.

NB: Det er ikkje alle teleoperatørar og abonnementsavtalar som støttar betaling via telefonrekning.

Video som viser funksjoner i appen Skyss Billett.

Dette må du vite når du reiser med appen

Du må kjøpe billett i appen før du går om bord. Det vil gå 2 minutt frå du kjøper billett til billetten er aktiv. Du kan likevel gå om bord når billetten er kjøpt og teksten «Aktiv om 2:00 – Påstigning tillatt» viser, og nedteljinga har starta.

Ha billetten tilgjengeleg
Du treng ikkje vise billett frå appen Skyss Billett når du går om bord på buss eller båt i bergensområdet, og kan difor nytte alle inngangar på bussar og bybanen.

Når du brukar appen Skyss Billett utanfor bergensområdet, skal du alltid vise billetten til sjåfør eller båtmannskap når du går om bord. Hugs at sjåførar, båtmannskap og kontrollørar likevel kan krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa. Du finn meir informasjon om ombordstiging her.

Du må ha nok batteri og internettilgang på telefonen så lenge reisa varer, slik at du kan vise fram gyldig billett i ein kontroll. For å bruke appen Skyss Billett må du bruke mobildatanettverk, enten GPRS, Edge, 3G, 4G eller 5G. Viss du ikkje har dekning, får du ikkje kjøpt billett, og du kan heller ikkje vise fram gyldig billett i ein kontroll. I slike tilfelle må du kjøpe billett på andre måtar.

Du kan når som helst sjå gjeldande og utgåtte billettar i menyen i appen. Men du kan også få oversikt over billettane dine på nett. Ved å logge inn på Mobilbillett kan du enkelt få oversikt over alle billettane du har kjøpt i Skyss Billett-appen. Du kan også fylle på mobilkontoen din.

Logg inn mobilbillett

Automatisk kvittering
Du kan få tilsendt kvittering for billettane dine på e-post, heilt automatisk. Alt du må gjere er å gå til innstillingane, og skru på «Automatisk kvittering». Du vil da bli bedt om å legge inn e-postadressa di.

Så lenge Automatisk kvittering er skrudd på vil alle kjøp i appen generere ei kvittering som blir sendt til e-postadressa di.

Kjøpe billett til andre
Dersom du har kjøpt billett i appen til andre, er det du som har billettane på mobiltelefonen din. Viss det blir kontroll, er det du som må vise frem billettane. Dette gjeld under heile reise.

For å låne vekk billettar som er kjøpt i appen Skyss Billett, må du fysisk låne vekk mobiltelefonen din.

Flytting av periodebillett til ny telefon
Dersom du har fått ny telefon eller av andre årsaker har installert appen på nytt, må du logge inn på nytt. Følg same prosedyre som då du først installerte appen.

Parkeringsbevis
Det er lagt til rette for gratis parkering for kollektivreisande med periodebillett på utvalde stader i Bergen og omegn, og du kan ha parkeringsbevis i appen Skyss Billett.

Slik gjer du det:

  • Kjøp ein periodebillett i appen. Billetten må vere ein 7-, 30- eller 180-dagarsbillett for vaksen, student eller honnør, som gjeld for sone A.
  • I appen Skyss Billett, gå til «Parkering» i hovudmenyen.
  • Legg til registreringsnummer.

Les meir om parkering for kollektivreisande

Språk
Du kan velje mellom nynorsk, bokmål og engelsk som språk på appen Skyss Billett. Appen følger same språk som det du har valt som standard på din mobil. Om du har valt nynorsk som standard språk, vil appen vere på nynorsk.