Hopp til hovedinnald

Tur-retur-billetten gjeld for ei bestemt strekning, og du må bruke returbilletten innan 15 dagar. Det blir ikkje gitt refusjon for returbillettar som ikkje er brukte innan fristen. 

Du kan kjøpe tur-retur-billett til alle strekningar, men får berre rabatt på turar som er over 15 kilometer.

Tur-retur-billett kjøper du i appen Skyss Billett, eller om bord på båtane. Når du kjøper tur-retur-billett i appen, må du passe på at du ikkje aktiverer returbilletten med ein gong. Returbilletten skal du aktivere før du går om bord på returreisa. 

Du kan kjøpe tur-retur-billett til vaksen, barn, honnør, student og militær. 

Tur-retur-billett og makspris på barnebillett

Når barn reiser saman med ein vaksen, kostar barnebilletten maks 196 kroner uansett kor lang reisa er. Du får ikkje tur-retur-rabatt samtidig som du betaler makspris for barnebillett.  

Når vaksne skal reise saman med barn på lange turar, gjeld følgande: 

  • Når du kjøper tur-retur-billett for éin vaksen og inntil fire barnebillettar med makspris, får du ikkje tur-retur-rabatt i tillegg på nokon av billettane. 
  • Når du kjøper tur-retur-billett til fleire vaksne og inntil fire barnebillettar med makspris, får du tur-retur-rabatt på alle vaksenbillettar utanom den første.  

Billettsystemet vil alltid gi deg den beste rabatten og den beste prisen. Den beste prisen avhenger av lengda på reisa, og antal vaksne og antal barn du kjøper billett for. I appen Skyss Billett kan du enkelt sjekke prisen for reisa di.