Hopp til hovedinnald

Båtruter der du kan ta med køyretøy:

  • 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget)
  • 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget)
  • 1190 Ortnevik–Måren–Nordeide
  • 1190 Vik–Ortnevik
  • 1131 Kaupanger–Frønningen

Dei fleste av desse rutene blir køyrde med båtar som har avgrensa plass til køyretøy, og som hovudsakleg er passasjerbåtar. Ruta Kaupanger–Frønningen blir køyrd med ei ferje, men same rabattar og betalingsmåtar som køyretøy på båt gjeld også her.

Gå til oversikt over prisar for køyretøy på båt

Dersom strekninga har fleire delstrekningar, vil desse komme opp etter at du har valt hovudstrekning.

  • Vel strekning frå nedtrekksmenyen.
  • Vel kva type køyretøy du har. Du vel mellom:
    • Konvensjonell: bensin-, diesel- eller hybridkøyretøy
    • Nullutslepp: elektriske eller hydrogenkøyretøy.
  • Vel datoen du skal reise.
  • Vel priskategori:
    • Fullpris
    • AutoPASS-brikke utan forskotsavtale
    • AutoPASS for ferje forskotsavtale for privatpersonar
    • AutoPASS for ferje forskotsavtale for bedrifter
  • Klikk på søk for å sjå prisane.

Prisen blir bestemt av lengda på køyretøyet ditt, inkludert last. Motorsyklar og mopedar betaler eigne prisar. Merk: Oversikta viser ikkje prisar for passasjerar.

Prisar, rabattar og betalingsmåtar for køyretøy på båt følger i hovudsak AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, med nokre unntak. Unntaka handlar om betalingsmåtar og prisar for passasjerar.

Det er ulike måtar å få rabatt på køyretøy:

  • Du får 10 prosent rabatt dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke i køyretøyet ditt. På autopassferje.no finn du oversikt over kvar du kan bestille brikke 
  • Du får best rabatt dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale. Denne avtalen gir 50 prosent rabatt for privatkundar og 40 prosent rabatt for bedriftskundar. Du opprettar avtalen på autopassferje.no.
  • Dersom du har eit nullutsleppskøyretøy, gir dette også rabatt. Nullutsleppskøyretøy under 6 meter får 30 prosent rabatt, mens større nullutsleppskøyretøy får 50 prosent rabatt.

Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller ferjeavtale, må du betale fullpris.

Ver merksam på at inntil vidare gjeld eigen betalingsmåte. Under overskrifta Betaling for køyretøy om bord finn du meir informasjon. 

Frå 1. januar 2025 er det ikkje lenger mogleg å betale med ferjekort.

Vi jobbar no med å oppgradere billettsystemet på båtane. Inntil vidare kan vi ikkje kople skiltnummeret på køyretøyet ditt opp mot AutoPASS-systemet. Frå 1. januar betyr dette følgande:

  • Dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke, blir du ikkje etterfakturert som vanleg.
  • Dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale, kan du ikkje betale ved å trekke beløpet frå det innebetalte forskotet på ferjekontoen din.

Alle som tar med køyretøy på båt, må inntil vidare betale for køyretøyet med bankkort eller kontantar om bord. Det blir gitt full rabatt til alle, som er 50 prosent. Rabatt for nullutsleppskøyretøy gjeld som vanleg.

Når billettsystemet er ferdig oppgradert, vil etterfakturering og trekk frå ferjekonto fungere som normalt.

Når du betaler for køyretøy på båt, betaler du også for sjåføren. Dersom du har med passasjerar, må desse ha vanleg billett for ruta dei reiser med.

På rutene i Florabassenget er dette billett for sone H, medan det på rutene i Sogn er det båtbillett for strekninga dei reiser på.

Ver merksam på at du ikkje har rett på familierabatt i Florabassenget når du har betalt for køyretøy inkludert sjåfør. For å ha rett på familierabatt på desse rutene, må du vere over 18 år og ha ein vanleg billett for sone H. 

Prisar, rabattar og betalingsmåtar for køyretøy på båt følger i hovudsak AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, med nokre unntak. Unntaka frå AutoPASS-regulativet handlar om betalingsmåtar og prisar for passasjerar, som du finn informasjon om over.

AutoPASS-regulativet gjeld også på ferjene våre i Vestland. Regulativet og prisane blir vanlegvis oppdaterte ved nyttår kvart år.

På Statens vegvesen sine nettsider finn du gjeldande AutoPASS-regulativ for ferjetakstar, og i tillegg gjeldande prislister for alle typer køyretøy. 

Det er avgrensa plass til køyretøy på båtane. Vi anbefaler difor at du bestiller plass på førehand. Du kan bestille plass inntil fire veker før avgangen. Når du skal ha med bil eller anna køyretøy, må du møte på kaia minst 10 minutt før avgang for å behalde plassen.

Slik bestiller du plass:

Du kan bestille plass til køyretøy på

  • 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy
  • 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn
  • 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
  • 1190 Vik-Ortnevik

På ruta Kaupanger–Frønningen treng du ikkje bestille plass til køyretøy på førehand.

Forskrift om transport med ferje 

 

Publisert:

Oppdatert: