Hopp til hovedinnald

Det er meldt om glatte vegar fleire stader i bergensområdet etter kraftig snøfall. Det medfører ein del forseinka avgangar og vi ber derfor reisande om å berekne god tid. Vanskelege køyreforhold på enkelte strekningar kan òg føre til at turar må avbrytast eller innstillast på kort varsel.

Problem ved enkelte haldeplassar 
Ver òg oppmerksam på at når vegane er svært glatte kan bussane ha problem med å stoppa ved haldeplassar i oppoverbakkar. Det kan også vere vanskeleg å stoppe ved haldeplassar der det endå ikkje er brøyta.

Hald deg oppdatert i Skyss Reise
Vi oppdaterar reiseplanleggar og nettsida skyss.no/avvik ved endringar i tilbodet, men vi klarar dessverre ikkje å informere om alle driftsavvik på grunn av det store omfanget.