Damsgårdtunnelen stengd på kveldstid
Bussar til og frå Bergen vest, Øygarden og Askøy vil bli forseinka på kveldstid. Reisande bør berekne litt ekstra reisetid etter klokka 19.00 på grunn av vegarbeid.
Omfattande oppgraderingsarbeid i Damsgårdtunnelen gjer at tunnelen dagleg vil vere stengd i den eine eller andre retningen på kveldstid.
Stengd veg frå kl. 19.00/20.00
Omkøyring på grunn av arbeid i tunnelar på kveld- og nattestid er ikkje uvanleg, men frå og med 18. september vil dette skje dagleg mellom Lyngbø og Gyldenpris. Der Damsgårdstunnelen elles gjerne er stengd frå kl. 22.00 på grunn av vedlikehaldsarbeid, kan no tunnelløpet i retning mot sentrum bli stengd frå kl. 19.00, medan løpet i retning frå sentrum kan bli stengd frå kl. 20.00. Tunnelen vil ikkje bli stengd i begge retningar samstundes.
Omkøyring for fleire busslinjer
For busstilbodet betyr det at bussane som vanlegvis kan køyre gjennom Damsgårdtunnelen må køyre rundt Laksevåg. Dette vil medføre forseinkingar, og vi ber derfor reisande berekne ekstra god tid. Spesielt gjeld det reisande som må bytte buss.
Når Damsgårdtunnelen blir stengd på kveldstid må linje 3, 40, 445, 450, 460, 481, 484, 485, 495, 499 køyre via Laksevåg.
Stengetidene
Retning frå sentrum:
- Søndag – fredag kl. 20:00 – 05:30
- Fredag – lørdag kl. 20:00 – 07:00
- Lørdag – søndag kl. 20:00 – 07:30
Retning mot sentrum:
- Søndag – fredag kl. 19:00 – 05:30
- Fredag – lørdag kl. 19:00 – 07:00
- Lørdag – søndag kl. 19:00 – 07:30
Meir informasjon om arbeidet
Meir informasjon om stengtidspunkt og fasene i arbeidet finn du på Statens vegsvesen si nettside.
Publisert:
Oppdatert: