Kaigaten stengd i sommar
Bybanen vil ha start- og endehaldeplass ved Bergen busstasjon i sommar, på grunn av arbeid i Kaigaten.

Frå 26. juni til og med 30. juli vil Bybanen ha start- og endehaldeplass ved Bergen busstasjon. Kaigaten blir stengd ein lengre periode på grunn av vegarbeid. Det blir også litt endringar for bussane som vanlegvis køyrer frå Festplassen til Bergen busstasjon.
Ingen bybane mellom Byparken og Bergen busstasjon
Frå 26. juni til og med 30. juli kan ikkje Bybanen bruke haldeplassane Byparken, Kaigaten og Nonneseter. Både linje 1 og linje 2 vil bruke Bergen busstasjon som start- og endehaldeplass i sentrum.
Ca. 600 meter gangavstand til Bergen busstasjon
Det tar ca. 8 minutt å gå mellom Byparken og Bergen busstasjon. Reisande frå Byparken og Kaigaten kan også bruke busslinje 12 frå Olav Kyrres gate E og linje 13 frå Festplassen N. Ver oppmerksam på at bussane brukar litt lengre tid enn vanleg på grunn av omkøyring når Kaigaten er stengd. Andre reisealternativ finn du òg i reiseplanleggaren.
Påstiging ved Bergen busstasjon
Bybanen kan berre bruke eitt av to spor ved stoppa på Bergen busstasjon i perioden. Linje 1 vil bruke perrong B på Bergen busstasjon til både av- og påstigning medan linje 2 vil bruke perrong D på Bergen busstasjon til både av- og påstiging.
Bussane køyrer via Kong Oscars gate
Medan Kaigaten er stengd vil alle bussar som køyrer mellom Festplassen og Bergen busstasjon køyre via Kong Oscars gate og Strømgaten. Busspassasjerane må då rekne med litt lengre reisetid til Bergen busstasjon.
Linje 12 og 13 endrar perrong på Bergen busstasjon
Busslinje 12 mot Lægdene/Montana, og linje 13 mot Solheimsviken, vil stoppe ved perrong N på Bergen busstasjon. Perrong N blir brukt heile perioden med sommarruter, 26. juni – 14. august.
Kart over perrongar på Bergen busstasjon som gjeld frå og med 26. juni finn du her.
Justert sommartilbod i Bergen
Du som skal reise med Bybanen i Bergen i sommar vil oppleve at det er lenger ventetid mellom avgangane og at bybanevognene kan vere fullare enn vanleg. Les meir om endringane her.
Om arbeidet i Kaigaten
Bybanen skal fjerne sporvekselen som ligg midt i Kaigaten, og erstatta den med rette skinner. Du kan lese meir om sjølve arbeidet her.
Av- og påstiging ved Bergen busstasjon
Arbeidet medfører endringar for reisande til og frå Bergen busstasjon:
Linje 1 til Bergen busstasjon
Reisande med linje 1 går av ved perrong B som vanleg.
Linje 1 frå Bergen busstasjon
Reisande frå Bergen busstasjon mot Bergen lufthavn går som vanleg på ved perrong A, men via ei gangbru mellom perrongen og vogna. Vi ber reisande om ikkje å gå ut på gangbruene før vogna står i ro og dørene er opna. Vi anbefaler å rekne god tid ved avreise, og ta omsyn til andre reisande.
Linje 2 til Bergen busstasjon
Reisande med linje 2 går av ved perrong D som vanleg.
Linje 2 frå Bergen busstasjon
Reisande frå Bergen busstasjon mot Fyllingsdalen stiger om bord frå perrong D (vanlegvis i retning mot sentrum). På grunn av arbeidet blir denne perrongen brukt til både av- og påstiging på grunn av arbeidet. Vi ber reisande om å vise omsyn, og vente med å stige på til dei andre passasjerane har gått av.
Assistanse på busstasjonen
Treng du assistanse på Bergen busstasjon? Ring vektar rett før du kjem til Bergen busstasjon. Vakttelefon vektar: 47 70 33 14
Reisetips!
Finn bysyklar i appen.Viss du treng transport på sentrumsetappen finn du ei oversikt over bysyklane i Bergen i appen Skyss Reise. I appen kan du slå av og på visning av bysyklar i kartet.
Finn ut meir om Bergen Bysykkel

Publisert:
Oppdatert: