Hopp til hovedinnald

Ei tom bybanevogn som køyrer i 30 km/t vil ha ei bremselengd på om lag 15 meter ved full nedbremsing. I 50 km/t er bremselengda ved slik farebrems om lag 36 meter. Med passasjerar om bord blir bremselengda lengre.

Ikkje opphald deg i bybanesporet

Utanfor sentrum, frå Nygård til Bergen lufthavn (linje 1), og frå Bystasjonen til Fyllingsdalen (linje 2), blir bybanen rekna som forstadsbane. Her er det forbode å opphalde seg i bybanesporet, i tråd med jernbanelova. 

I Bergen sentrum, på strekninga Byparken - Nonneseter - Bergen busstasjon - Nygård, er bybanen som ein trikk, og her gjeld vegtrafikklova. 

Kryssing av bybanesporet

Informasjon til fotgjengarar:

  • Kryss berre sporet på anviste stader. Gangkryssingane over sporet er gråfarga.
  • Ved grøn mann kan du trygt krysse sporet.
  • Har du ikkje grønn mann, har du alltid vikeplikt for bybanen. Det gjeld også dersom trafikklyset ikkje fungerer og på gangkryssingar utan trafikklys.
  • Utenfor sentrum, der bybanen følger jernbanelova, er ferdsel i sporet forbode. Dette er for din eigen tryggleik. Ferdsel i sporet kan bli politimeldt.
  • I Bergen sentrum, der bybanen følger vegtrafikklova, er det lov å krysse sporet utanfor anviste gangkryssingar. Hugs at du likevel alltid har vikeplikt for bybanen.

Ferdsel i tunnelane er livsfarleg! Her held bybanen høg fart.

Informasjon til deg som syklar eller brukar sparkesykkel:

  • Kryss berre sporet på anviste stader. Gangkryssingane over bybanesporet er gråfarga.
  • Alle kryss i traséen er markerte som raude felt i vegen.
  • Skal du krysse sporet, kryss på tvers, det vil seie mest mogleg vinkelrett på sporet. Slik unngår du å få hjulet ned i skinnegangen. Hugs at skinnene er glatte.
  • Det er berre lov å sykle i bybanetraseen på strekningar der bil og bybane deler traseen. Hugs likevel å halde avstand til sjølve skinnene for å hindre fall.   

Informasjon til bilistar:

  • Følg trafikklys ved kryssing av bybanetraseen.
  • Der det ikkje er trafikklys i krysset, eller dersom desse skulle vere ute av drift, har bilistar alltid vikeplikt for bybanen, i begge retningar, det vil seie både frå høgre og venstre side.
  • Køyr ikkje ut i kryss/planovergang som er markert med raudt, før du er heilt sikker på at du kan kome deg gjennom krysset. Stopp aldri i det raude feltet i vegen der bybanesporet kryssar.
  • All køyring i bybanen sin trasé er forbode dersom det ikkje er spesifikt skilta for vegkøyretøy. Køyring og parkering i traseen kan bli politimeldt.