Bli med i kundepanelet
Vi treng dine synspunkt for å gjere kollektivtilbodet endå betre.
For å betre kollektivtrafikken for deg og resten av Vestland, må vi vite meir om kva du som reiser med oss meiner. Kundepanelet hjelper oss med dette. Her ønsker vi å få med alle typar kundar, både dei som reiser sjeldan og dei som er faste reisande. Du må vere 15 år eller eldre for å melde deg på.
Bli med i dag
For å bli med i kundepanelet, ber vi om at du trykker på påmeldingsknappen over og gir oss nokre opplysningar om deg sjølv. Du vil då få innlogging til panelet, der det vil bli lagt ut aktivitetar som du kan delta på.
Kva skjer i panelet?
I Skysspanelet vil du få invitasjonar til å delta i ulike spennande prosjekt. Det kan vere alt frå diskusjonar, intervju, nettpratar og gruppesamtalar. Du får sjansen til å påverke kollektivtrafikktilbodet i ditt nærområde, og å vinne fine premiar og/eller få gavekort som takk for dine bidrag.
Du er anonym
Det er Opinion AS som har det faglege ansvaret for kundepanelet, og for dialogen med deltakarane i panelet. Vi garanterer at du vil vere anonym.