Hopp til hovedinnald

Her kan  du bestille

Kva er bestillingstransport på Tertnes?

Bestillingstransport på Tertnes er eit prøveprosjekt som skal vare i to år. Så langt det er praktisk mogleg, vil bestillingsbussen hente deg der du vil, og køyre deg til dit du skal, innanfor eit bestemt område (sjå kart under «Kvar går bussen»).

Tertnes har nokre krokete vegar som gjer at bussen ikkje alltid kan køyre heilt til døra for å hente deg. Sjåførane vil til gjengjeld alltid stå klare til å hjelpe deg fram til bussen ved behov.

Bussen har plass til 14 personar og er universelt utforma. Det er plass til to rullestolar eller eventuelt barnevogn, rullator eller sparkesykkel.

Kvar går bestillingsbussen?

Som vist på kartet under, kan du bli plukka opp og køyrd dit du vil innanfor Tertnes-området, Åsane Terminal, Åsane senter, Horisont og Åsane kirkegård. I september 2023 blei sona utvida litt sørover på Nedre Åstveit, vestover til Rema 1000 i Morvikveien, østover ut til Rolland Legesenter og nordover til Gullgruven.

Når køyrer bussen?

Bussen køyrer måndag til fredag frå klokka 08.30 til 12.00 og frå 12.45 til 16.30. 

Korleis bestiller eg bussen?

Du kan bestille transport med bussen på tre ulike måtar:

  • Last ned appen Skyss Bestilling, og legg inn bestilling der. 
  • Bruk nettsida bestilling.skyss.no.
  • Ring oss på 55 55 90 99, mellom kl. 08 og 17 måndag til fredag.

Med appen Skyss Bestilling eller bestilling via nettsida, har du ekstra god oversikt og kontroll over bestillinga di. Du kan sjå på kartet kvar du kan bli henta på døra, eller kvar nærmaste hentestad ligg. Det vil også vere mogleg å følge kvar på ruta bestillingsbussen er, og når han er venta å vere framme ved avtalt stoppestad.  

Ved bestilling via app og nettside kan du legge inn behov som til dømes at du kjem i rullestol eller har med barnevogn. Dette kan vere lurt, då det berre er plass til to rullestolar om gongen.

Med appen og på nett kan du i tillegg endre hentetidspunkt og avbestille reisa ved behov. 

Ved bestilling vil du få ei stadfesting på SMS.

Kva kostar bestillingsbussen og korleis betalar eg?

Bussen har vanleg billettpris: 22 kroner for honnør og barn, og 44 kroner for vaksen. Du finn meir detaljert prisinformasjon her.

Du kan kjøpe billett på same måte som til buss, bane og båt. Her finn du meir informasjon om korleis du kjøper billett. 

*Ver obs på at du må betale kontanttillegg dersom du kjøper enkeltbillett  kontant om bord. 

Du må bestille henting sjølv om du har periodebillett.

Kven kan bruke tilbodet?

Bestillingsbussen er for alle.

Når kan eg bestille buss? 

Du kan bestille bussen så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise. Det kan hende at fleire skal reise samtidig som deg. Då kan det bli inntil 15 minutt å vente på bussen. Du får informasjon i appen eller på SMS om kva tid bussen er forventa å komme.

Lurer du på noko?

Kundeservice for tilbodet har opningstid mellom klokka 08 og 17 måndag til fredag. Ring oss på 55 55 90 99, så hjelper vi deg.

Reisegaranti

Her kan du lese meir om reisegaranti og refusjon.

Personvernerklæring

Les meir om personvern her.