Avvik i kollektivtrafikken
Her finn du informasjon om avvik, forseinkingar og endringar i tilbodet vårt. Dersom du brukar reiseplanleggaren finn du dei same driftsmeldingane der.
-
Slik held du deg oppdatert
Informasjon om avviksmeldingar på nett, i reiseplanleggar og på haldeplass.
-
Informasjon ved avvik i andre reisetilbod
Her finn du ei oversikt over kollektivtilbodet i Vestland kor Skyss ikkje er ansvarleg for informasjonen.
-
Kalvedalsveien stengd 23.juni - 14. sept.
Stenginga fører til omkøyring for linje 5, 6, 11 og 16E.
Aktive avvik
Damsgårdstunnelen varsla stengd frå kl. 20.00
Damsgårdstunnelen varsla stengd kl. 20.00-05.30 i retning mot Loddefjord/Øygarden/Askøy på grunn av vedlikehaldsarbeid.
Omkøyring via Laksevåg vil føre til forseinkingar og vi oppmodar reisande til å berekne ekstra god tid ved overgang til andre linjer.
Gyldig til: 14.08.25 05.30
Sist oppdatert: 13.08.25 13.55
Ekstra avgangar mellom Haukeland sjukehus Nord og Festplassen
Det er sett inn ekstra buss som køyrer frå Haukeland sjukehus Nord kl. 05.21 til Festplassen.
Bussen køyrer i retur frå Festplassen kl. 05.33 til Haukeland sjukehus.
Årsaka er manglande reisealternativ til sentrum frå Haukeland.
Gyldig til: 12.09.25 06.03
Sist oppdatert: 13.08.25 13.50
Redusert kapasitet på B-ruta
Vi oppmodar reisande som kan til å reise med MS Fjordtroll i rushtid (avgangar merka med båtnamn i reiseplanleggaren).
Det er MS Fjordtroll og MS Fjord Viking som køyrer Askøyruta. MS Fjordtroll har plass til 295 passasjerar, og MS Fjord Viking har plass til 97 passasjerar.
Meir informasjon og avgangsoversikt finn du på Skyss.no/askøybåten
Informasjon om SMS-varsling for Askøybåten finn du på fjord1,no.
Gyldig til: 12.09.25 08.30
Sist oppdatert: 11.08.25 18.52
Avgang forseinka pga. vegarbeid
På grunn av vegarbeid ved Stanghelle blir avgang kl. 13.30 frå Voss til Bergen ca. 20 min forseinka.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 13.08.25 13.50
Endra trasé pga. Ålesund Matfestival 11.-17. august
Skansegata og Skateflukaia blir stengd frå måndag 11. august fram til og med søndag 17. august på grunn av matfestivalen.
Medan vegen er stengd vil det blir endra trasé for bussen til/frå Skateflukaia og korrespondanse med hurtigbåt til Hareid utgår.
- Avgangar frå Skateflukaia vil starte på Korsegata og haldeplass Skateflukaia blir ikkje brukt.
- Avgangar til Skateflukaia får omkøyring via Borgundvegen og Storledbakken til alternativ haldeplass St. Olavs plass. Haldeplassane Kiperviktorget E136, Korsegata og Skateflukaia blir ikkje brukt.
Klikk her for kart med omkøyring
Gyldig til: 17.08.25 23.00
Sist oppdatert: 06.08.25 15.06
Haldeplass Verftsporten ikkje i bruk
Haldeplass Verftsporten blir nedlagd frå måndag 11. august. Alternativ haldeplass vil bli Verftet.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 13.08.25 17.38
Haldeplass Rong kulturhus flytta
Haldeplassen Rong kulturhus i retning mot Hellesøy er flytta omlag 100m nord.
Gyldig til: 01.09.25 12.00
Sist oppdatert: 05.08.25 11.14
Kollevågvegen stengd
Kollevågvegen blir stengd like ved Ravnanger terminal frå måndag 4. august til fredag 15. august på grunn av vegarbeid.
Linje 411 må køyre "nyevegen" (Hanøy- og Ravnangervegen) mellom Ravnanger terminal og Kollevågshøyden og strekninga Kollevåg Svartevatnet - Ravnanger storavatnet blir innstilt.
Vi har sett inn minibuss som køyrer Ravnanger terminal til Ravnanger Storavatnet via Hanøyvegen tur/retur medan vegen er stengd.
Avgang kl. 05.20 frå Ravnanger, Storavatnet er innstilt.
Tidtabell minibuss kvardagar:
Tidtabell minibuss laurdag:
Tidtabell minibuss søndag:
OBS! Det vil ikkje køyre minibuss på nattavgangar i helga. Strekninga Kollevåg Svartevatnet - Ravnanger terminal blir innstilt, og reisande må finne andre reisealternativ.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 04.08.25 10.33
Færre parkeringsplassar 4. - 24. august
Frå og med måndag kveld, 4. august, til og med søndag 24. august blir hovudparkeringa på Knarvik kai stengd. Årsaka er arbeid med ladestruktur og betre utnytting av plassen på Knarvik kai.
Det vil vera nokre parkeringsplassar tilgjengeleg, men me oppmodar reisande å bruka linje 301 mellom Knarvik terminal og Knarvik kai.
Klikk her for rutetabell for linje 301.
Gyldig til: 24.08.25 23.00
Sist oppdatert: 01.08.25 10.42
Utslettevegen stengd
Frå 11. august køyrer alle avgangar via Nysætervegen i begge retningar på grunn av vegarbeid. Utslettevegen er stengd.
Skulebussar mellom Sagvåg og Nysæter køyrer via Åsamyrvegen og snur ved Nysæter ungdsomskule medan arbeidet føregår.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 18.07.25 15.59
Haldeplass Småland flytta
Haldeplass Småland, i retning mot Lonevåg, er flytta 100-150 m i retning mot Valestrand.
Haldeplassen er mellombels flytta i ca. tre måneder på grunn av vegarbeid.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 25.06.25 14.02
Haldeplass Apeltunvegen flytta
Haldeplass Apeltunvegen er flytta nokre meter på grunn av vegarbeid. Gjeld i perioden 23.juni - 14. august.
Gyldig til: 14.08.25 23.59
Sist oppdatert: 20.06.25 07.23
Avkorta trasé på enkelte avgangar
Enkelte avgangar til/frå Ådland får ny endehaldeplass ved Stord sjukehus inntil vidare, dette då Skyttarhaugsvegen er periodevis stengd på grunn av vegarbeid.
Dette gjeld følgande avgangar:
Avgangar frå Ådland som startar ved Stord sjukehus
- Avgang kl. 09.35, 10. 35, 11.35, 12.35, 13.35 og 14.35.
Avgangar frå Kårevik som avsluttar ved Stord sjukehus
- Avgang kl. 09.03, 10.03, 11.03, 12.03, 13.03 og 14.03.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 18.06.25 10.29
Taxi mellom Vikne nord og Kvisti til 29. august
Strekninga Vikne nord – Kvisti terminal køyrd med taxi mellom kl. 07.00 og 16.00 på grunn av vegarbeid. Arbeidet er venta å vare til fredag 29. august.
Avgangar før kl. 07.00 og etter kl. 16.00, samt alle avgangar laurdag og søndag, køyrer som normalt.
Følgande avgangar blir køyrd med taxi:
- Frå Vikne nord: kl. 07.16. Framme ved Kvisti terminal kl. 07.20.
- Frå Vikne nord: kl. 07.36. Framme ved Kvisti terminal kl. 07.40.
- Frå Vikne nord: kl. 08.16. Framkomst Kvisti terminal kl. 08.20.
- Frå Vikne nord: kl. 09.46. Framkomst Kvisti terminal kl. 09.50.
- Frå Kvisti terminal: kl. 13.25. Framkomst Vikne nord kl. 13.29.
- Frå Kvisti terminal: kl. 14.20. Framkomst Vikne nord kl. 14.23.
- Frå Kvisti terminal: kl. 15.21. Framkomst Vikne nord kl. 15.24.
Linje 909 avgang kl. 14.05 frå Hatland skulesenter til Kvisti terminal køyrer til Haus terminal og via Tiråstunnelen til Kvisti terminal. Strekninga Haus terminal-Kvisti terminal er innstilt.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 08.08.25 13.34
Haldeplass Sævareid kryss flytta
Frå måndag 19. mai vil det ikkje vere mogleg å bruke haldeplass Sævareid kryss, retning Kilen/Eikelandsosen på grunn av vegarbeid. Dette gjeld inntil vidare.
Alternativ haldeplass ved rundkøyring i Sævareidvegen.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 23.05.25 00.40
Michael Krohns gate stengd
Michael Krohns gate er stengd frå måndag 3. mars. Gaten blir stengd i ei lengre periode og dette fører til endra rute for linje 13, 20 og 85 (servicelinjen).
Sjå korleis endringane blir for linja di:
Linje 13
Haldeplassane "Lien sør" og "Michael Krohns gate" vil ikkje vere i bruk. Linje 13 skal bruke nye haldeplassar i Damsgårdsveien, "Kronviken" og "Damsgårdsveien nr. 39".
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 20
Linje 20 vil få ny trasé.
- I retning frå Storavatnet vil den køyre over Puddefjordsbroen og gjennom Nygårdstunnelen mellom Gyldenpris og Danmarks plass. Haldeplassane "Gyldenprisveien", "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør", "Solheimsviken" vil ikkje vere i bruk. På Gyldenpris vil bussen betjene haldeplassen "Gyldenpris Nord".
- I retning frå Nesttun vil bussen køyre gjennom Nygårdstunnelen, over Puddefjordsbroen og deretter bruke haldeplassen "Gyldenpris Nord". Haldeplassane "Solheimsviken", "Lien sør", "Lotheveien" og "Gyldenprisveien" vil ikkje vere i bruk.
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 85
Linje 85 vil få ny trasé.
- Frå Gyldenpris til Danmarks plass vil linja køyre over Puddefjordsbroen og Nygårdstunnelen. Bussen stoppar ikkje på haldeplassane "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør" og "Solheimsviken".
- Frå Danmarks plass mot Gyldenpris køyrer linja via Damsgårdsveien. Linja stoppar på haldeplass "Solheimsviken", køyrer deretter Damsgårdsveien og stoppar på dei to mellombelse haldeplassane der før den køyrer opp igjen i Michael Krohns gate og stoppar på haldeplass "Lotheveien".
Sjå oppdatert rutetabell.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 24.02.25 09.43
Endringar mellom Førde og Florø
Det er endra avgangstider, tilførselsskyss og endra trasé ved Eikefjord på grunn av langvarig vegstenging.
Endra trasé
Strekninga Kvalvik-Eikefjord er innstilt, og bussen køyrer via rv. 5 i begge retningar. Haldeplassane Kvalvik Indre - Hovland Eikefjord - Eikefjord vest er ikkje i bruk av linja medan vegen er stengd.
Sjå info om tilførselskyss nedfor for meir informasjon.
Endra avgangstider
På grunn av omkøyringa er rutetidene justert for å framleis oppretthalde korrespondanse til andre linjer.
Ny tilførselsrute mellom Hovland og Kvalvik
Det er sett inn tilførselsrute mellom haldeplass Hovland Eikefjord og Kvalvik ved riksveg 5. Tilførselsskyssen korresponderar med bussar på linje 250 til Førde–Florø ved busstoppet Kvalvik (rv. 5) på følgande turar:
Enkelte turar via Hovland
- Linje 250: Tur med avgang frå Florø kl. 09.25 vil køyre via Hovland på veg til Førde. Avgangstid ved Eikefjord er kl. 10.00, og ankomsttid i Førde er kl. 10.35.
- Linje 101: Tur med avgang frå Sandane kl. 08.15 vil køyre via Hovland på veg til Florø. Avgangstid frå Eikefjord er kl. 10.05, og ankomsttid i Florø er kl. 10.40.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 08.10.24 15.21
Omkøyring pga. stengd veg
Gate 1 er stengd og bussar køyrer via gate 2.
Bussar som har korrespondanse med båtar frå Måløy kai køyrer innom Torget og Torghopen. Andre lokale bussavgangar køyrer via hovudvegen.
Haldeplass Spiralen er ikkje i bruk medan vegen er stengd.
For større kart, trykk herGate 1 har vore stengd sidan 30. september 2024.
Berørte linjer: 100, 120, 121, 122, 123, 150, 160
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 27.09.24 15.17
Endringar på grunn av arbeid i Fodnestunnelen
På grunn av arbeid i Fodnestunnelen kl. 20.00–06.00 er avgangstidene i ferjesambandet Mannheller–Fodnes endra. Det medfører også følgande endringer for linje 830, som gjeld inntil vidare:
- Tur med avgang frå Sogndal skysstasjon kl. 20.35 endar ved Øvre Årdal skysstasjon. Bussen returnerar direkte til Sogndal (ca. kl. 22.00). Reisande til Farnes må bruke haldeplassen Øvre Årdal skysstasjon.
- Tur med avgang frå Øvre Årdal Farnes til Sogndal skysstasjon kl. 22.30, startar no frå Øvre Årdal skysstasjon kl. 21.55. Reisande til Oslo kan her bytte til ekspressbuss Vy 170.
- Tur med avgang frå Øvre Årdal Farnes til Fodnes ferjekai fredag kl. 22.30, får ny avgangstid kl. 23.00.
Den alternative rutetabellen til ferja vil gjelda i perioden med nattestengd tunnel, frå 9. september i år til 31. mai 2025.
Sjå alternativ rutetabell for ferja
Meir informasjon om arbeidet i Fodnestunnelen finn du på Statens vegvesen sine nettsider.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 10.09.24 15.28
Utgåtte avvik
Forseinka tur pga. stengd veg
Avgang kl. 13.15 frå Leirvik til Sandvikvåg og avgang kl. 14.08 frå Sandvikvåg til Verftet er forseinka på grunn av stengd veg. Vegen har vore stengd som følge av ei trafikkulykke.
Gyldig til: 13.08.25 20.30
Sist oppdatert: 13.08.25 15.30
Sunnhordlandsruta - feil i reiseplanlegger
Alle turer går som normalt. Ein feil i reiseplanleggar gjer at fleire avgangar ikkje blir vist ved søk. Sjå rutetabell for linje 2080 Sunnhordlandsruta her Skyss.no/avvik
Gyldig til: 13.08.25 19.33
Sist oppdatert: 13.08.25 14.33
Innstilt Bruvik-Kvisti pga. vegarbeid 11.-13. august:
På grunn av vegarbeid er følgande avgangar innstilt mellom Bruvik og Kvisti måndag 11. august til og med onsdag 13. august:
- Avgang kl. 07.45 frå Kvisti til Bruvik (kl. 08.07)
- Avgang kl. 08.25 frå Bruvik til Kvisti (kl. 08.47).
- Avgang kl. 15.19 frå Kvisti til Bruvik (kl. 15.41).
- Avgang kl. 16.00 frå Bruvik til Kvisti (kl. 16.22).
NB! Vegarbeid på Vikse. Sjå info lengre ned på sida.
Gyldig til: 13.08.25 16.30
Sist oppdatert: 08.08.25 14.38
Haldeplass Rong kulturhus flytta
Haldeplass Rong kulturhus, retning mot Ågotnes, er flytta ca. 100 m i retning mot Ågotnes på grunn av vegarbeid.
Gyldig til: 05.08.25 16.07
Sist oppdatert: 05.08.25 11.07
Avgang kl. 21.00 frå Bergen busstasjon stoppar ikkje i Eidsvåg
I samband med vegarbeid og utbetring av Selvik- og Glaskartunnelen vil ikkje avgang frå Bergen busstasjon kl. 21.00 kunne stoppe ved haldeplass i Eidsvåg i retning mot Odda.
Dette gjelder alle kveldar tunnelen er nattestengd frå kl. 21.00.
Vi anbefalar reisande å bruke alternativ haldeplass frå Bergen busstasjon, Handelshøyskolen eller Åsane terminal på denne avgangen.
Merk: For å unngå forseinkingar til Hardanger vil bussen sleppe gjennom tunnelen, men utan moglegheit til å stoppe i Eidsvåg.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 14.10.24 13.10