Hopp til hovedinnald

Aktive avvik

Det er no normal drift i ferjesambandet Skjersholmane–Ranavik.

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 03.05.24 05.55

Haldeplass Misje sør mot Hellesøy er flytta om lag 50 meter mot Ågotnes på grunn av vegarbeid. Den mellombelse haldeplassen er ved vegen inn til Gamlevegen.

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 02.05.24 01.05

Glaskartunnelen blir stengd, i retning mot Eidsvåg og Bergen sentrum, frå kl. 21.00 fredag 3. mai, til og med natt til måndag 6. mai (innan kl. 05.30). Det er venta mykje kø og store forseinkingar i samband med den langvarige stenginga, særskilt i opningstidene til kjøpesentera på laurdag. 

Reisande med buss til og frå Åsane må rekne med vesentleg lenger reisetid denne helga. Merk også at linje 4, frå Flaktveit, og linje 300, frå Knarvik, ikkje vil stoppe på stoppa frå IKEA til Åsane terminal i retning mot Bergen.  

Trafikale problem i Åsane

Statens vegvesen forventar store forseinkingar i trafikken, og oppfordrar dei som kan til å la bilen stå og heller bruke sykkel og kollektivtransport i bydelen denne helga. Vegvesenet oppfordrar også  bilistar på gjennomreise til å finne alternative reiseruter mellom Vågsbotn og Bergen sentrum.

Endringar for busslinjer i Åsane:

Linje 3 frå Støbotn vil køyre som vanleg til Åsane terminal og vidare mot Terneskrysset. Mellom Tertneskrysset og Eidsvåg må bussane køyre i Ervikvegen. 

Linje 4 får endra trasé i reting mot Hesjaholtet i perioden, og vil køyre direkte frå IKEA-krysset til Åsane terminal via E39. Linje 4 stoppar dermed ikkje på haldeplassane i Åsamyrane:

  • IKEA
  • Salhuskrysset
  • Litleåskrysset
  • Rollandskrysset


Eit alternativ for reisande til og frå desse haldeplassane er å reise med ei av dei lokale linjene, eller bruke buss i nordgåande retning og stige om ved Åsane terminal eller Gullgruven.

Mellom Tertneskrysset og Eidsvåg må alle bussane køyre i Ervikvegen

 

Linje 300 får endra trasé i retning mot Åsane/Bergen i perioden, og vil køyre direkte frå IKEA-krysset til Åsane terminal via E39. Linje 300 stoppar dermed ikkje på haldeplassane i Åsamyrane:

  • IKEA
  • Salhuskrysset
  • Litleåskrysset
  • Rollandskrysset


Eit alternativ for reisande til og frå desse haldeplassane er å reise med ei av dei lokale linjene og stige om ved Åsane terminal. 

Andre busslinjer i Åsane vil køyre vanleg trasé og betene alle haldeplassar. Unntaket frå dette er haldeplassen Tertneskrysset E39. Stoppet er stengd i perioden og alternativ haldeplass er i Ervikvegen. 

Reisande må berekne god tid på grunn av saktegåande trafikk. 

Stoppet Tertneskrysset E39 er stengd i perioden med vegarbeid. Alternativ haldeplass er i Ervikvegen. 

Stengd i samband med oppgradering

Årsaka til at tunnelen blir stengd er  Statens vegvesen si omfattande oppgradering av tunnelen. Eit arbeid som starta hausten 2023. Du finn fleire detaljar om prosjektet på nettsida deira.

Berørte linjer: 3, 4, 19, 27, 28, 30, 32, 34, 35, 36, 37, 39, 300, 900, 925, 930

Gyldig til: 06.05.24 05.30

Sist oppdatert: 30.04.24 09.32

På grunn av vegarbeid køyrer bussane via Hagalio på turar til og frå Øklandslio snuplass.

Haldeplass Hagalio er ikkje i bruk medan vegen er stengd. Alternative haldeplassar er Hagastølen - Haga - Kviteluren.

Arbeidet gjeld frå 4. april til om lag juni.

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 02.05.24 01.05

På grunn av anleggsarbeid er haldeplass «Drotningsvik Rv.555 ved Janaveien» stengd. Nærmaste haldeplass er «Drotningsvik rv. 555».

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 02.05.24 01.05

Haldeplass Misje Nord mot Hellesøy er flytta om lag 50 meter mot Ågotnes på grunn av vegarbeid. Den mellombelse haldeplassen er ved vegen inn til Krakhaugen.

Arbeidet vil vare frå 2. april og i om lag 2-3 veker.

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 02.05.24 01.05

Haldeplass Heradstveit kryss er stengd på grunn av vegarbeid.

Alternativ haldeplass er Tørvigbygd nord.

Arbeidet er venta å vare til ca. oktober 2024.

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 02.05.24 01.05

Leirvik terminal stengd laurdag 4. mai i samband med arrangement. Alternativ haldeplass er Stord rådhus.

Gyldig til: 04.05.24 19.30

Sist oppdatert: 02.05.24 01.05

Det blir nokre endringar på fleire avgangar og linjer frå 1. mai. Dette er på bakgrunn av tilpasningar då Sognefjordekspressen justerer avgangstidene. 

Sjå fleire detaljar i nedtrekkmenyen for dei enkelte linjene; 

  •   Avgang kl. 7.55 frå Sogndal skysstasjon får justerte tider på ruta og får forlenga traséen til Voss stasjon frå 1. mai. 
  •   Avgang kl. 06.30 frå Sogndal skysstasjon med Norway bussekspress på kvardagar får endra avgangstid, samt at ruta ender på Lærdal rådhus. Ny avgangstid er kl. 6.35 frå Sogndal skysstasjon. 
  • Avgang kl. 18.30 frå Flåm til Sogndal skysstasjon og avgang kl. 20.35 frå Sogndal skysstasjon til Fodnes ferjekai blir fjerna. 
  • Avgang kl. 20.35 frå Øvre Årdal Farnes til Seinsdalen køyrer frå 1. mai  fredagar. 
  • Avgang kl. 20.55 frå Seimsdalen til Øvre Årdal Farnes køyrer frå 1. mai fredagar.  
  •   Avgang kl. 11.25 frå Øvre Årdal Farnes til Fodnes ferjekai søndagar blir endra til ny avgangstid kl. 7.40 frå Øvre Årdal.  
  •   Avgang kl. 12.18 frå Fodnes ferjekai til Øvre Årdal Farnes søndagar blir endra til ny avgangstid kl. 8.38 frå Fodnes ferjekai.
  •   Avgang kl. 05.45 frå Gaupne til Sogndal skysstasjon får endra avgangstid. Ny avgangstid er kl. 6.15 frå Gaupne.
  •   Avgang kl. 21.55 frå Gaupne til Sogndal skysstasjon får endra avgangstid. Ny avgangstid er kl 21.30 frå Gaupne. Avgangen køyrer frå 1. mai alle kvardagar (tidlegare berre torsdag og fredag). 

 

Trykk her for rutetabell

Gyldig til: 05.05.24 23.59

Sist oppdatert: 23.04.24 18.17

I samband med vegarbeid og utbetring av Selvik- og Glaskartunnelen vil ikkje avgang frå Bergen busstasjon kl. 21.00 kunne stoppe ved haldeplass i Eidsvåg i retning mot Odda.

Dette gjelder alle kveldar tunnelen er nattestengd frå kl. 21.00.

Vi anbefalar reisande å bruke alternativ haldeplass frå Bergen busstasjon, Handelshøyskolen eller Åsane terminal på denne avgangen.

Merk: For å unngå forseinkingar til Hardanger vil bussen sleppe gjennom tunnelen, men utan moglegheit til å stoppe i Eidsvåg.

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 02.05.24 01.05

Fv. 5640 Lambhaug er stengd for gjennomkøyring 22. april - 31. mai på grunn av vegarbeid.

Medan vegen er stengd blir det omkøyring via fv. 55 Lustravegen og følgande haldeplassar blir ikkje brukt:

  • Ugulen
  • Lambhaug
  • Feet
  • Indre Hafslo skule kryss
  • Kjørlaug
  • Geitaneset

Alternativ haldeplass vil vere Liarmen kryss og Geitaneset kryss.

Gyldig til: 31.05.24 23.59

Sist oppdatert: 16.04.24 17.27

Avgang kl. 14.35 frå Dale til Førde rutebilstasjon er omlag 20 minutt forseinka då Dalsfjordvegen er stengd til kl. 15.00. Gjeld måndag - fredag. 

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 07.12.23 13.12

I samband med vegarbeid er det omkøyring via Storehagen bru inntil vidare. 

  • Haldeplassen Langebruvegen og Førde hotell er stengd. 


Omkøyringa gjeld alle bussar som normalt køyrer via Langebruvegen.

Bussar som kjem til Førde langs E39 og skal via Førde sentralsjukehus køyrer Angedalsvegen til Førde rutebilstasjon.

For større kart, trykk her

Berørte linjer: 100, 110, 200, 201, 205, 206, 210, 211, 230, 820, 830

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 07.12.23 13.12

Vilhelm Bjerknes vei og Johan Hjorts vei er stengd, og Servicelinjen snur på Sletten snuplass.

Avstikkaren mellom haldeplassane Sletten snuplass og Johan Hjorts vei (boligblokk i Vilhelm Bjerknes vei)  blir ikkje betjent av servicelinjen.

Endringa gjeld inntil vidare og fram til utbedring av fartsdumper i området er utført.

Gyldig til: inntil vidare

Sist oppdatert: 18.04.24 00.50

Utgåtte avvik

Lianakktunnelen varsla stengd i retning mot sentrum kl. 22.00-05.30 på grunn av vedikehaldsarbeid. Omkøyring via Lyderhornsveien kan føre til litt forseinkingar.

Berørte linjer: 3, 40, 445, 450, 460, 481, 484, 485, 495, 499

Gyldig til: 03.05.24 05.30

Sist oppdatert: 03.05.24 05.30

Lyderhorntunnelen er varsla stengd mot sentrum kl. 22.00-05.30 på grunn av vedlikehaldsarbeid. Omkøyring via Loddefjord kan føre til forseinkingar.

Haldeplass Frieda Fasmer rv. 555 blir ikkje brukt medan tunnelen er stengd. Alternativ haldeplass er Frieda Fasmer i Lyderhornsveien.

Berørte linjer: 40, 445, 450, 460, 481, 484, 485, 495, 499

Gyldig til: 03.05.24 05.30

Sist oppdatert: 03.05.24 05.30

Glaskar- og Selviktunnelen er varsla stengd kl. 21.00–05.30 i retning mot Åsane/Knarvik på grunn av vedlikehaldsarbeid. Omkøyring via Ervikvegen kan føre til forseinkingar.

Haldeplass Eidsvåg E39 blir ikkje brukt medan vegen er stengd. Bruk haldeplass Eidsvåg i Ervikveien.

Linje 27: Haldeplass Tertneskrysset E39 blir ikkje brukt medan vegen er stengd. Bruk haldeplass Tertneskrysset.

Gyldig til: 03.05.24 05.30

Sist oppdatert: 03.05.24 05.30

Damsgårdstunnelen varsla stengd kl. 20.00-05.30 i retning mot Loddefjord/Øygarden/Askøy på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Omkøyring via Laksevåg vil føre til forseinkingar og vi oppmodar reisande til å berekne ekstra god tid ved overgang til andre linjer.

Berørte linjer: 3, 40, 445, 450, 460, 481, 484, 495, 499

Gyldig til: 03.05.24 05.30

Sist oppdatert: 03.05.24 05.30

Fv. 55 ved Esebotn er stengd inntil vidare på grunn av snøras. Det er uvisst når vegen kan opne att. På grunn av kriserute i fergesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik blir bussane forseinka. Bussane får heller ikkje betent stopp mellom Balestrand og Dragsvik så lenge vegen er stengd.

Status på fv. 55 finn du på 175.no.

Gyldig til: 21.02.24 17.28

Sist oppdatert: 29.02.24 09.27